cover

This Kind

Big Breakfast

CD (2002) - Lost in America

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Countryrock / Americana / Heartland rock

Spor:
Internet Tune
I'll Always Be Here
She Came Here
Taxi Cab Blues
Today
Peter Flynn
Never Saw It Coming
Person With Personality
I Can Give You At Least Half of What You Need
Symphathy
Shooter of Whiskey

Referanser:
The Band
Poco
Flying Burrito Brothers
Buffalo Springfield
The Jayhawks

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Dagen derpå

Lent mot bardisken serverer sjefskokk Peter Joly ein frukostblanding av motbør, anger, tårer og tapte illusjonar.

Låtsnekkeren og trubaduren Peter Joly har tilbrakt atskillige kveldar som den musikalske attraksjonen på mang ein kafe og bar i USA sitt nordøstlige hjørne. I Chicago blei han etterkvart kjent med multi-instrumentalisten Jon Williams, og saman etablerte dei Big Breakfast i 1999.

Dei er nå ute med sin debut CD på den uavhengige Chicago-labelen Lost in America Music. Her blir me presentert for 11 låtar, der dei fleste drar i ein eller annan form for country-rock retning. Det er ingen nye innfallsvinklar til musikksjangeren som åpenbarar seg, men vi får oppleve ein håndfull fine sangar i tradisjonen frå The Band, Poco og Gram Parsons.

Lent mot bardisken serverer sjefskokk Peter Joly ein frukostblanding av motbør, anger, tårer og tapte illusjonar. Alt sammen dyppa i eit beger med whiskey for å døyve den utilfredse smaken. Innimellom er det plassert små dosar med humor i eit forsøk på å gjere måltidet lettare å fordøye.

Det er slett ikkje alt i denne cocktailen, kalt This Kind, som er like fristande, men nokre av ingrediensane er såpass velsmakande at heilhetsinntrykket tilslutt blir positivt. Til disse smakfulle innslaga høyrer så avgjort den smått Townes van Zandt'ske She Came Here, ein trist sang om ei sørstatsjente som opplever at livet vender den svikefulle sida til henne, etter at ho flyttar til landets nordre trakter. Den blir fulgt av The Band pastisjen Taxi Cab Blues, også ein sang om livets barske lagnad.

Klassiske, om enn ikkje særlig originale, countryballadar blir vi bydd på med Today og Shooter of Whiskey. Sympathy er melodiøs Heartland-rock med ein morsom liten hentydning til Rolling Stones sin Sympathy For the Devil. Glansnummeret heiter imidlertid I Can Give You At Least Half Of What You Need, tittelen oppsummerer greit kva dette dreier seg om, og låten er ein langsom bluesinfisert smygar, med ein ulmande og intens gitarlyd.

Big Breakfast har på langt nær levert verdens viktigaste album, men den har sine fine øyeblikk, og viser at bandet er utstyrt med evner til å kunne bringe fram større saker ved neste korsveg.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo