cover

Lemon Parasite

Lemon Parasite

CD (2003)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock

Spor:
Moonriders
Some Days
Human Race
Waiting For Her
In My Head
Woman In My Bed
Loser and the Gunman
Colours Of Midnight Blue
My Shadow
Candles In the Dark
Schizophrenia

Referanser:
Free
Faces
BigBang

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Misty Tracks

Sjølv om albumet til Lemon Parasite nok har sine mangler, så sansar eg definitivt eit visst potensiale hos denne gjengen frå Haugesund.

Dette er eit debutalbum på eigen label, der bandet sjølv har ansvar for både produksjon, distribusjon og promotering - eit lavbudsjettforetak, med andre ord. Sjølv om albumet til Lemon Parasite nok har sine mangler, så sansar eg definitivt eit visst potensiale hos denne gjengen frå Haugesund. Fleire av sangane her viser at Misty Moon (som frontfigur Geir Erlend Røv kallar seg) så desidert er i besittelse av evner som låtskrivar.

Det startar med heftig rock i åpningsporet Moonriders, som dessverre to vers og eit refreng seinare glir over i eit kraftlaust og stilleståande mellomspel, før bandet med iherdig innsats klarer å få den på skinnene igjen. Gjennomført giftig og slagkraftig er Human Race, albumet sitt absolutte høgdepunkt, der Misty snakkesyng seg gjennom eit halsbrekkande nummer. Ikkje veit eg kva som skal foregå "downtown", men eg veit at Colours of Midnight Blue er eit tett og varmblodig stykke musikk, der spesielt bruken av hammond-orgel tilfører låta ein ekstra virkningsfull dimensjon. Eit brusande orgel er og dominerande på balladen Woman In My Bed, den høyrest lenge ut som ein idyll, men kanskje var det berre ein draum, nokon vil muligens seie den er banal, eg seier den er nydelig.

På dei nevnte sangane, og ved fleire anledningar ellers, viser Misty Moon at han er innehavar av ei kraftig og inspirert stemme. Rett nok er låtkvaliteten noko ujevn, men bortsett frå på den uforståelige avslutningsaffæren Schizophrenia blir det aldri heilt meiningslaust. My Shadow for eksempel har stigning, og blir rett så spenstig etterkvart. På denne og etterfølgaren Candles In the Dark, minner sangfraseringa meg for øvrig ein smule om Stan Ridgway, men kven dei måtte være inspirert av skal eg ikkje ha nokon klare formeiningar om, sjølv om ein kan finne likhetspunkter med tidleg 70-talls rock, som for eksempel Free og Faces. Norske BigBang skulle vel heller ikkje være heilt fjernt å nevne i denne sammenhengen.

Det er imidlertid noko med å finne den rette dynamikken, samt å la nyansar og småting kunne bli ein effektfull del av heilheten, her klarar ikkje produksjonen alltid å yte bandet rettferdighet. Her er inspirerte øyeblikk og gode intensjonar, som innimellom beklageligvis blir avløyst av anonyme og retningslause partier, men eit sympatisk bekjentskap er absolutt dette bandet.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo