cover

Tinderbox

Fred Eaglesmith

CD (2008) - Sonic Rendezvous / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Blues / Gospel / Americana

Spor:
Sweet Corn
Chain Gang
Shoulder to the Plow
Quietly
Tinderbox
Killing Me
Worked Up Field
I Pray Now
You Can't Trust Them
Get On Your Knees
Fancy God
Wheels
Killing Me II
Stand
Reprise
The Light Brigade
Shoeshine
When

Referanser:
Tom Waits
Nick Cave
Dave Alvin
Ben Weaver
William Elliott Whitmore

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Tørke, slit og kristendom

Ein veteran innan blue-collar rocken vitjar kyrkja, med lyden av Tom Waits som sonisk ryggmassasje.

Det er ikkje for å stemme i eit friksjonsfritt hallelujakor at Fred Eaglesmith stig innafor kyrkjedøra. Han stig inn, plasserer seg lengst bak, og ser rekke på rekke med hardt prøvde menn bøye nakken, og vende seg til Gud med ei bønn om framgang og smertelindring. Men teikn tydar på at guden dei set si lit til er meir opptatt av å straffe deira små feiltrinn enn å sette pris på deira tillit til han. Eaglesmith går inn i tankane til menneska på benkene, og oppdagar teikn på resignasjon, djupfølte kvalar og groande tvil. Der håpet kanskje før låg som eit usynleg teppe over forsamlinga er det no i ferd med å vekse fram ei sky av forvirring. Eller som ein av dei slitne sjelene seier det; "if you want to find heaven, you gotta dig deep".

Kven er djevelen og kven er frelsaren? Kor er håpet og kor er fortapinga? "Somebody's crying in the very back row". "You better get on your knees" befaler predikanten med bister røyst. Før han i neste omgang køyrer vidare med Satan i passasjersetet til ei ny forsamling av syndarar. For å vaske dei kvite som snø. Akkompagnert av korsong, englars messing, kvinners skrik og Satan sin listefulle dans.

Det er eit litt anna prosjekt Eaglesmith har føre seg her på sitt 17. album enn kva som har vore tilfelle før. Han har, i løpet av dei tretti åra han har vore reisande i song og musikk, stort sett helde seg innafor ein uramerikansk rockestil med ein del countryislett. Tenk John Mellemcamp, Dave Alvin og Steve Earle. Han har aldri fått seg eit stort publikum, men derimot eit trufast eit. Dei kallar seg Fredheads. Underteikna høyrer ikkje med til den gjengen. Til det har eg også høyrt altfor få av albuma hans (Tinderbox er det tredje).

Sjølv om Eaglesmith på fleire av Tinderbox sine 18 spor legg seg nesten skummelt nær Tom Waits sitt post-Swordfishtrombones uttrykk opplever eg dette albumet som kanskje hakket meir særprega enn det eg har høyrt frå mannen tidlegare (les Lipstick, Lies & Gasoline og 50 Odd Dollars). Stemma hans er ikkje like whisky-maltrert som gode gamle Waitsern si, men den har gjennomgått ein alvorleg sandpapiromgang sidan sist eg høyrte frå han. Låtarrangementa på Tinderbox er nok framleis nærare det konvensjonelle enn Waits sitt søplete og vindskeive opplegg, men det er noko med rytmikken, diksjonen og den skrotfunky blueskjensla her som er så umiskjennelig Waits.

Vel så interesseskapande som hans melodiske og soniske framferd er historiene han fortel, og måten han fortel dei på.

Bone-shaker rattle-trap,
I'm living on my own again,
6 quarts of whiskey,
and I keep 'em in a jerry can,
got a couple hounds a 44 bore,
my friends used to come around,
they don't anymore


Dei kallar han Shoeshine, han har komme på kant med tilværet, og utsiktene er mørkare enn ein regnfull haustkveld. Eit skånsellaust høgdepunkt på albumet.

Folka Eaglesmith syng om på Tinderbox har lite felles med Waits sine bohemar, drankarar og særlingar frå dei urbane strøk. Tinderbox sine skapningar dyrkar jorda. Dyrkar jorda og ventar på regnet. Dyrkar jorda, ventar på regnet, sveittar, ber, elskar, fortvilar og stiller seg på den store steinen, ser mot himmelen, og legg børa si ned. Det er gospel det luktar skitten, tørr og skranten jord av. Det er gospel som handlar om tårer og mismot, meir enn nåde og håp. Det er blues. Blues av få fargar. Blues frå tyngde hjarter, såre kne og trøytte ryggar.

Desperasjonen rår. "The world's about to end, and everybody knows". Likevel, det er ein vitalitet, ein smittande rytmikk, og ei menneskekjærlig innstilling albumet igjennom som avlar dansetrinn snarare enn den overmannande kjensla av botnlaust elende.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo