cover

The Black Field

Chris Eckman

CD (2004) - Glitterhouse / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter

Spor:
Night Like These
Healing Waters of the Flood
Low Country
Crystalline
Befell
The Black Field
Pirates & Clowns
Restless
Why Can't I Touch It?

Referanser:
The Walkabouts
Midnight Choir
Höst
Mike Johnson
Mark Lanegan
Steve Von Till
Nick Cave
Transmissionary Six
Willard Grant Conspiracy

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein walkabout aleine

Songar frå einsame landskap, der tonane får puste, og det moderate står i sentrum.

Ser vi bort ifrå eit par samleplater, har det vore lite med lyd frå Seattle-bandet The Walkabouts sidan Ended Up a Stranger frå 2001. Vi har heller ikkje fått fleire Chris & Carla album eller nye soloutspel frå låtskrivar og åndelig leiar Chris Eckman. Men nå er det visst for alvor ting på gang, Carla jobbar med si første soloplate, og The Walkabouts har planar om å spele inn ny musikk til hausten. Men aller først får vi servert Chris Eckman sitt andre soloalbum. Han har kalt det The Black Field, og sjølv om det nok har eit mindre og stillare lydbilde enn nokon Walkabouts-utgjeving kan skilte med, er det likevel umiskjennelige Eckmanske toner vi får servert.

Chris Eckman sin musikk har av ein eller annan grunn funne fleire tilhengerar på det europeiske kontinent enn heime i Amerika. Den tyske labelen Glitterhouse har då også stått som utgjevar av det meste han har gjort sidan 1993 (Walkabouts, Chris & Carla etc.). Medan mannen sjølv dei siste åra har levd mesteparten av tida si i Slovenia, der kona hans Anda kjem ifrå. Det er også i dette landet, nærare bestemt i hovedstaden Ljubljana, at musikken på The Black Field er blitt til.

Kimen til albumet fekk Chris gjennom maleriene til den slovenske kunstnaren Nikolaj Beer (som også er Eckman sin svigerfar). Det er derfor ganske naturlig at Beer sine fyldige penselstrøk av mørke landskaper får pryde coveret på plata. Songane spelte Chris inn live i studio saman med to lokale musikantar. I etterkant spredde han så demoane rundt til ulike musikalske venner, og lot desse få fylle ut bildet med eigne innfall.

Resultatet er blitt ei samling songar der det moderate får stå i sentrum. Her blir aldri lyden frå ei kjelde prøvd overgått av ei anna. Her får tonane puste, og det blir gitt rom får både stillheita og det usminka. Det menneskelige, det ærlige og det ufullkomne trer fram, og plasserer det perfekte, det skråsikre og det sterile ute på kanten.

Blant vennene som har bidratt på plata finn vi også ein nordmann. Al deLoner frå Midnight Choir skaper mykje dunkel atmosfære på det intense tittelkuttet. Både ved hjelp av piano, melodica og ein eldre analog synthesizer. Men spesielt er det spøkelsestonane frå gitaren hans som er med og driv fram bilder av lumske landskap og suspekte opptrinn, og mot ein konklusjon av det ublide slaget; "I felt much better when I was wrong, there are some things it ain't safe to be right about".

Endå ein porsjon tåkefulle Twin Peaks-stemningar blir servert når Paul Austin (Willard Grant Conspiracy, Transmission Six) dreg fram baritongitaren sin for å krydre Healing Waters of the Flood. Den engelske fiolinisten Matt Howden draperer smidige Crystalline. Medan dobrotonar frå Terry Lee Hale sine hender er med å understreker uroen i Restless. Kona Anda og koret hennes Carnice Vocal Group bidrar med sakral sang på Low Country, og ikkje minst på Eckman sin versjon av den seksuelt lada og glødande Buzzcocks-låta Why Can't I Touch It?

Eit par av spora høyrer kanskje til i sekken for litt anonyme tilfeller. Det er likevel langt ifrå det overordna inntrykket, som nok heller ligg nærmare båsen for vemodig og saliggjerande tonekunst.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo