cover

Get Down

Transmissionary Six

CD (2005) - FILMguerrero

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Americana / Sadcore

Spor:
Black Tin Rocket
Flake
My New Name
Down For the Count
Johnny & Waldo
Holiday Park
Happy Landings
Novanna
Element
Packakools
The Dimmest Porch
Powderburn

Referanser:
The Walkabouts
Willard Grant Conspiracy
Nina Nastasia
Marianne Faithfull

Vis flere data

Se også:
Spooked - Transmissionary Six (2003)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Oktober-tonar

Skånsam og haustfarga americana som etterkvart smyg seg inn i på melodisk dugande spor.

Ved førre korsveg (albumet heitte Spooked, 2003) skildra eg The Transmissionary Six som skaparar av november-tonar. Slike tonar som akkompagnert av eit tiltakande mørke langsamt søker å forplante seg i hjerter og sinn. Bandet omgjev seg med mykje av den same auraen her på sitt tredje album også, men tilstanden er kanskje litt meir oktober denne gongen.

Framleis er det Paul Austin (andrepilot i Willard Grant Conspiracy) og Terri Moeller (trommis i Walkabouts) som er dei toneangivande kreftene i foretaket. Austin spelar på strenger, tangentar og litt anna, og Moeller passar rytmen og syng. I tillegg har dei med seg eit titals musikarar, der særlig Anne Marie Ruljancich og Nancy Wharton sine strykarinnslag gjer inntrykk.

Get Down blir, etterkvart som den legg bak seg ein heller traurig første halvdel, ei rett så aktverdig oppleving. Blant dei dvelande, men akk så preglause og melodifattige fire første spora er det vel ikkje stort anna enn nokre strykarparti som er verdt å framheve. Den korte instrumentalen Johnny & Waldo prøver så ved hjelp av ei overraskande funky framferd å få litt meir glød inn i strukturen. Tempoet aukar eit par hakk når Holidaypark gjev seg til kjenne, utan at melodikrafta er den heilt store. Men frå den refrengsterke og twang-gitar draperte Happy Landings er den melodiske velstanden på plass, og med den synest eg også å merke ei meir ihuga innstilling.

Fem minuttar lange Novanna stryk seg fram i eit tiltalande lende midt mellom nokre velpleidde Marianne Faithful-farga tonar og ei omfamnande Nina Nastasia vise. Ja det er nesten som den lindrar litt av lengselen etter ei ny plate frå sistnemnte. Element er eit repeterande og gnagande instrumentalkutt. Packakools er for så vidt kva tittelen lovar. Ein kult sveivande og vispande sak, der dugande tonar gjev seg til kjenne i eit lett slørete lende. Med den gitarbaserte og straighte The Dimmest Porch dreg dei seg mot countrylandskap. Eit landskap avsluttande Powderburn heller ikkje er ukjent med. Sakte brennande med akustisk lyddominans og smygande pedal-steel openbarar det seg eit tonespekter av forførande karakter, før låta sakte forsvinn inn i varleg støy.

Etter kva mine øyrer klarer å fange av det tekstlige innhaldet, har dei vel ikkje all verden å by på på dette feltet. Det er ein fragmentert setningsbygging som saman med, og tildels gøymt inn i, musikken kan fungere greitt nok, men som ikkje innbyr til vidare utlegningar. På sitt beste skaper bandet stemningsfull musikk, på sitt verste er dei heller søvndyssande. På groove-skalaen gjer nok ikkje Get Down sin første halvdel seg fortent til stort meir enn ein svak trear, medan andre halvdel lett røskar til seg ein femmar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo