cover

Let England Shake

PJ Harvey

CD (2011) - Island / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Pop

Spor:
Let England Shake
The Last Living Rose
The Glorious Land
The Words That Maketh Murder
All And Everyone
On Battleship Hill
England
In The Dark Places
Bitter Branches
Hanging In The Wire
Written On The Forehead
The Colour Of The Earth

Referanser:
Patti Smith
Björk
Beth Gibbons
Nina Nastasia
Lisa Germano

Vis flere data

Se også:
The Peel Sessions 1991-2004 - PJ Harvey (2006)
White Chalk - PJ Harvey (2007)
A Woman a Man Walked By - PJ Harvey & John Parish (2009)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Slik er krigen

Poetiske men ubarmhjertige krigsreportasjar, og elsk/hat songar om ein nasjon iferd med å visne på rot.

Det har stått skrive nå, mang ein stad, frå New Musical Express til Los Angeles Times, PJ Harvey har laga eit meisterverk. Ho har kalla det Let England Shake, og det har blitt eit meisterverk. Det er ikkje tull heller, tjue år inn i eit musikarliv som aldri har vore prega av stillstand har ho laga eit meisterverk. Ikkje sitt første, men kanskje sitt beste.

Som tittelen ber bod om har heimlandet hennar ei sentral rolle denne gongen. Men ikkje som ein svingande dansepartnar i frisk og god 60-tals form. "England's dancing days are done" syng PJ i tittelsporet. "Let's head out to the fountain of death & splash about" held ho fram. Det er eit England som haltar ho ser, eit England som gjer henne trist, eit England i krig. Ho syng om det, i sterkare former enn dei aller fleste som har prøvd seg på noko liknande har klart å få til.

Det ho ikkje gjer er å gå i dei gamle protestsongarane sine fotspor, og formulere seg med slagord og fredsretorikk. Ho tar heller ikkje på noko vis Bono-vegen, og serverer armhevande anthem, eller prøver seg som ein krakilsk Rotten og spyttar ut salver av "there is no future in England's dreaming"-sorten. Ho skildrar. Ho ser, ho luktar, ho høyrer, ho smakar, ho drøymer, ho tenker, ho fortel. Ho er ein reporter, ingen agitator. Ein poetisk songreporter, med sans for det konsise, og for kontrastar.

Mykje er skrive, fortalt og søkt forklart omkring krigens vesen. Frå heltedyrkande epos og rettferdiggjerande avhandlingar til smertefulle forteljingar og krystallklare antikrigserklæringar. PJ Harvey zoomar direkte inn på slagmarka og fortel kva som er sjå. Det er ikkje eit vakkert syn.

Ho fortel det i første person, ho fortel det i tredje person, ho fortel det ikkje med fleire ord enn kva som må til. Ho hadde ein indre film gåande, har ho fortalt, då ho skreiv desse orda. Skreiv dei poetisk, usminka og brutalt.

I have seen and done things I want to forget;
I have seen a corporal whose nerves were shot,
climbing behind the fierce, gone sun,
I have seen flies swarming everyone,
soldiers fell like lumps of meat,
these are the words, the words are these,
death lingering, stunk, flies swarming everyone,
over the whole summit peak,
flesh quivering in the heat.


The Words That Maketh Murder heiter den songen. Første singel er den også. Den passar neppe som soundtrack til neste middagsselskap. Men vent litt, hadde teksten vore annleis, hadde den vore av ord som skildra ei framtid med solskin på seg kunne den i alle fall vore soundtracket til det som skal skje etter middagen. Den har tonen i seg til det. Ein oppstemt og grøderik tone. PJ Harvey har nemlig hatt ein tanke om at melodien ikkje skal legge ytterligare bør til tekstens tunge linjer. Som ein ballong av lettgass fraktar tonane i staden orda opp frå sin dystre grunnstilling. Utan at alvoret og mismotet som orda talar om forvitrar, det blir berre tydeligare, for tonane er jo så gjennomsiktige.

Alle dei tolv songane er i større eller mindre grad bygd i dette mønsteret av mørke linjer og lysare tonar. Med god hjelp frå trufaste samarbeidspartnarar som Mick Harvey, John Parish og Flood lukkast ho med å få dette grepet til å funke (eller var det kanskje heller funkle?) heile vegen. Dei oppsøkte ei kyrkje i PJ Harvey sine heimtrakter i Dorset for å gjere det, og gjorde det heile unna på nokre veker. Dama sjølv hadde då brukt eit par år på grunnarbeidet.

Temaet stod klart for henne. Det neste var orda. Dei var viktige, så ho ville gjere dei gode. Ho ville vere poet, ho skreiv dei som dikt. Eg les dei, og tenker at jo, dei har meir enn nok pust i seg til å klare seg utan ein respirator av tonar. Likevel, når dei nå har fått desse tonane, som PJ slett ikkje brukte lange tida på å gje dei, desse eteriske og vakre tonane, synst eg nå absolutt dei skal ha dei. Det kler dei.

Eg har omtalt tonane som oppstemte og grøderike. Å gje ein presis karakteristikk av kor hen i sjangerlandskapet dei høyrer til opplever eg imidlertid alt anna enn enkelt. Det er noko udefinerbart over dei. Den engelske folktonen er så definitivt der, spor av blues er å høyre, populærmusikk av ymse alder og tone kan sporast, og av og til knurrar det litt ekstra myndig frå ein elektrisk gitar. I korte passasjar kan eg saktens dra kjensel på noko eg har høyrt før. Men det fortel vel ikkje så mykje anna enn at PJ Harvey ikkje lever og andar i eit vakuum. Ho haustar sine tonar der slike veks som best, og danderer små bukettar som først og fremst har hennar eige preg. Denne gongen meir enn nokon gong.

Tolv songar som har veldig lite improvisert og tilfeldig over seg. Dei har blitt det dei er fordi PJ Harvey ville dei skulle bli akkurat slik. Dei seier det dei har å seie, og så trekk dei seg tilbake. Eg tenker på dei som stramt økonomiserte soniske noveller. Kvar med sitt personlige temperament, sin melodiske psyke, si stemme.

Den høge tonen PJ Harvey leidde røysta si fram mot då ho laga White Chalk i 2007 hentar ho stadig vekk fram på dette albumet også. Lengst opp i det tonale register strekk ho seg i On Battleship Hill. Ein folkinfluert song om eit gammalt slag. Der Mick Harvey sender inn ei hutrande rekke med pianotonar i siste fase, og PJ trekker den desillusjonerte konklusjonen "cruel nature has won again". Ein natur som så definitivt også har sigra i All And Everyone. Ei dødsmesse som representerer den mest dramatunge sida av albumet. Men ikkje utan luft under tonane, absolutt ikkje utan luft. PJ spelar på autoharpe, slik ho gjer på fleire av spora, og syng gjer ho på ein sånn bitande Patti Smith-måte som ho av og til nyttar, om bilde ho har sett, der "death was everywhere, in the air, and in the sounds".

Litt sampling og låneri tyr PJ og hennar menn også til. Tittelkuttet har ei Parish-spelt xylofonstrofe av den gamle landeplaga Istanbul (Not Constantinople) som eit subtilt gjennomgangstema. Written On The Forehead blir særdeles effektfullt løfta fram av ei sampling av reggaelåta Blood & Fire. Eit løft som endar med ei total samansmelting i aller siste fase, "let it burn, let it burn, let it burn burn burn". Og The Words That Maketh Murder stiller til slutt - etter at nok blod og lemlesting er registrert og omtalt - det Eddie Cochran-lånte spørsmålet "What if I take my problem to the United Nations?".

Då syng Mick Harvey og John Parish også med. Det gjer dei fleire gonger. I The Glorious Land, med sitt gromme groove og snedige revelje-element. Om eit land totalsmadra av krigens brutalitet. "And what is the glorious fruit of our land? It's fruit is deformed children, it's fruit is orphaned children". Afghanistan? Mick Harvey si stemme gjer seg også gjeldande i Hanging In the Wire. I ein følsam duett med PJ Harvey syng han her om soldaten som kavar i piggtråden. Ein piggtråd full av "unburied ghosts" i eit nådelaust nakent landskap, der det er ingen fuglar som syng "the white cliffs of Dover", men lyden av gevær kan han høyre, og den lyden kjem stadig nærmare.

Og heime i England er det ingen medisin å oppdrive mot ein bitter smak som har sett seg fast. Songen heiter berre England, og PJ syng den med ei støvplaga Björk-liknande røyst. Syng "A whitered vine, reaching from, the country that I love, England, you leave a taste, a bitter one". Den kan greitt oversettast til å gjelde andre heimland også. Andre land ein kan nære ein kjærleik overfor, men som også kallar fram ugne kjensler. Personlig kjenner eg i alle fall ein slik nasjon ganske så godt.

PJ Harvey har laga ei plate om England og om krig, men meir enn det handlar den om mennesket. Først og fremst handlar den om mennesket. Og slik femner den vidare enn vidt, og treff nærare enn nært. Hos meg har den sett seg bom fast i ryggmargen.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo