cover

m b v

My Bloody Valentine

CD (2013)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Shoegaze / Psykedelia / Drømmepop

Spor:
She Found Now
Only Tomorrow
Who Sees You
Is This and Yes
If I Am
New You
In Another Way
Nothing Is
Wonder 2

Referanser:
The Velvet Underground
Jesus and Mary Chain
Cocteau Twins
Sonic Youth
The Pastels
Spacemen 3
Primal Scream
Ride
Bardo Pond

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Utav Loveless gror det andre ting

Loveless og ikkje Loveless, gamle innfall og nye innfall, draumar og ekstase, og den forvridde gitartonen.

Ulmande elektrisitet omfamnar meg. Strenger som rumlar, nedbør som vibrerer, oske som græt. She Found Now. Endelig er den her. Jubel og andakt. My Bloody Valentine er tilbake. Med plata Kevin Shields har lova og lova og lova og endå ein gong lova at skal komme. Lovnaden er hermed å rekna som oppfylt.

Sett i lys av at den har vore venta på i 20 år kom den i grunn ganske så brått på. Den første laurdagsnatta i februar 2013 låg den plutselig berre der, klar til nedlasting. Det tok ikkje lang tid før rykta om underet hadde nådd fleire enn nettstaden den låg på kunne tåle. Så ein kollaps var uunngåelig. Då eg skreid inn på www.mybloodyvalentine.org eit døgn seinare hadde tilstandane roa seg. Så eit par minutt etterpå var plata nagla til harddisken. Og vegen inn låg, endelig, vidopen. Då byrja aversjonen å melde seg. Skulle eg ta sjansen på dette her? Kunne det bli noko anna enn ein nedtur? ……! Første runde går med til å konstatere at det neppe blir ein alvorlig ein i alle fall. Nedtur altså. Andre runde går med til å forsikre meg at eg hadde rett då eg tenkte slik i stad. Og det same gjer vel i grunn tredje runde også. På veg inn i plata, sånn på skikkelig vis, er eg ikkje enno. Hmmm, eg har i grunn god tid, tenker eg. Om enn ikkje fullt så god tid som Kevin Shields, så eg stig innafor.

"You come back and you – I want you" meiner eg å høyre Shields synge der inne i det ulmande. Tonen er av den vakre sorten, slår eg fast. Før eg tek orda han syng i min munn, smakar på dei, og funderer over om eg kanskje burde seie takk det same, eller noko slikt. Eg kjenner meg att. Det er som om eg er midt inne i Loveless og der oppdagar ein song som ikkje har vore der før. She Found Now. Eit lite under av ein dvelande og sprakande popsong, med lengt i tonefallet, og Loveless i sjela.

Loveless, det legendariske, det høgt elska og grundig myteomspunne, det stygge, støyande, syreinfiserte, deliriske, draumeflytande, popklingande og ufattelig vakre tredjealbumet til My Bloody Valentine. Eit slikt eit som i grunn ikkje liknar på noko som helst anna ein finn der ute. Det definitive shoegaze-albumet, det som får andre av det slaget til å bleikne. Ja som i grunn held til i ein heilt annan divisjon. Eller var det dimensjon? Nei vent litt no, sånn før eg går til det skritt å proklamere plata for guddommelig eller noko i den retning. For dit vil eg ikkje. Det fortener den ikkje. Like lite som kva som helst anna plate der ute fortener det. Den er då skapt av menneske. Slike som kan feile, og aldri er heilt lytefrie. Skapt av menneske som lever blant menneske. Som er blitt påverka av andre menneske. Hadde det ikkje vore slik hadde aldri Loveless blitt det den er. Den hadde aldri blitt det den er om ikkje Lou Reed og John Cale hadde samla ein tropp og latt feedbacken råde i 1965 og deromkring, om ikkje The Jesus and Mary Chain hadde smakt på pilla og skapt Psychocandy tjue år seinare, om ikkje Cocteau Twins hadde drøymt seg inn i sine gåtefulle draumar utover åttitalet, eller om ikkje nokre tusen andre hendingar og tilfeller hadde funne stad opp gjennom historia. Slik er det no berre. Men at den er eit meisterverk, klarare enn dei fleste som kan kalle seg slikt, ja det er den, Loveless.

Og no høyrer eg altså at han er der igjen, Shields. Inne i Loveless-traktene. Eg høyrer opningssporet stilne, eg høyrer nye gitartonar virvle. Gnage og male. I ei elektrostatisk skjelving. Eg høyrer Shields synge om natta. Om å bli dradd inn i natta "we all come back to". Men denne songen heiter Only Tomorrow, og då ser det lysare ut, då kjem kjærleiken lettare. Eit vinnande riff dukkar opp midtvegs. Eit med historia i seg. Og låta brenn og brenn, saman med riffet. Til den brenn ut.

Tru likevel ikkje at mbv er Loveless revisited. Det hadde jo ikkje vore noko poeng, verken for deg, eller meg, eller Kevin Shields. Han, og for så vidt vi, har berre hatt denne trongen til å vere der ei lita stund. Gjennom eit par låtar. For ikkje å seie tre. Who Sees You kryp nemlig rundt der den også. Og skjelv, og vrir seg, og remjar, og bakom dette, langt bakom, kan eg skimte songaren stille det sjølvransakande og vonde spørsmålet "how could it be I could love under such low that your nightmares?".

Så kjem Is This and Yes, og ikkje eit ord vert sunge. Plata har flytta inn i eit anna landskap. Inn i avdeling to (av tre). Der gitaren ikkje har den same makta. Der tonar i langt større grad kjem frå tangentutstyrte instrument. Der inngangsporten er dette sakteflytande ambiente sporet, og Bilinda Butcher si røyst som gjer seg tilkjenne med nokre dunkle "ooh-oooh-ooh". Ho går ikkje bort frå mikrofonen med det første. Ho blir der, heile If I Am igjennom, og syng mantraet "be my lover". Eit bedøvande nummer. Etterpå kjem popsongen. Den funky, ja funky, New You, med Bilinda si røyst framme i lydbildet. Og eg tenker at ja så lette kan visst My Bloody Valentine vere, og konvensjonelle, og fengande. Det var i grunn bra den kom no tenker eg, New You, akkurat der, som ein liten lette i skylaget. I forkant av siste avdeling.

Stormande og transeskapande rytmikk er fellestrekket til albumets tre siste spor. In Another Way skingrar i gang som eit utyske ute av kontroll, før eit gitartema kjem inn og reddar situasjonen, og driv den framover, som ein brisen flamme på veg mot ekstasen, hand i hand med ei vennlig innstilt synthlinje, og Bilinda som syng som ein engel fødd av ustabile psykedeliske krefter: "Close tonight, we'll inside on the other way, the other side". Utan varsel bråstoppar den og overlet scena til eit lite meisterskap i monoton suggesjon, Nothing Is. Eit stykke konstant ubøyelig rytme, og gitaren som gnikkar og kryp rundt den. Det er det heile. Men den er meir enn det. I sitt gjentakande vesen maktar den å skape illusjon av vekst, av å vere på veg mot … ja nettopp, ekstasen. Utan å nå den, i staden fader den ut og overlet siste akt til Wonder 2. Som i all sitt hyperrytmiske vesen, i all sin flygande støy, i all sin viltre psykedelia, kanskje gjer eit forsøk på å illustrere ekstasen, men må i staden hanskast med kaoset, og akkar seg over at "you were always late to see tomorrow".

Der og då tenker eg at det er då noko alvorlig apokalyptisk over mbv, er det ikkje? Og poptonen som dansa som ein kaleidoskopisk draum gjennom store deler av Loveless den høyrer eg ikkje så mykje til her. Her høyrer eg noko dunklare noko. Ein slags klagesong kanskje, eller ein jamrande blues, eller ... Eg kjenner at eg ikkje er heilt ferdig med å tenke ut nett det der. Så då får eg vel heller seie det slik då at Shields og hans kumpanar (som ikkje er særlig fleire enn Bilinda Butcher denne gongen) endå ein gong har skapt eit verk som eg ikkje heilt ut forstår, som sikkert alltid vil vere utydelig, og som eg derfor aldri vil bli ferdig med. Og bra er vel det?

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo