cover

Here's to Being Here

Jason Collett

CD (2008) - Arts & Crafts / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Folkrock / Countryrock

Spor:
Roll on Oblivion
Sorry Lori 

Out of Time 

Papercut Hearts 

Henry's Song 

Charlyn, Angel of Kensington

No Redemption Song
Through the Night
These Days
Nothing to Lose
Not Over You

Somehow
Waiting for the World

Referanser:
Bob Dylan
John Hiatt
Nick Lowe
Josh Rouse
Wilco
Ryan Adams
John Vanderslice
Andrew Cash

Vis flere data

Se også:
Motor Motel Love Songs - Jason Collett (2003)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Songar

Umoderne, lettbeint og fint i eit luftig poprockmelodisk landskap.

Det kan virke som om Jason Collett får brukt nok av sine vanskeligaste og mest utfordrande sider når han kamperer saman med Kevin Drew og resten av gjengen i Broken Social Scene. For under eige namn er det songar framført på eit langt meir ukomplisert og lettbeint vis han byr på. Songar i eit poprock landskap der ein også kan få auge på karar som Nick Lowe, John Hiatt, Josh Rouse og den meir lettfattelige utgåva av Jeff Tweedy. Collett er ikkje den som stikk seg fram som den største originalen i flokken, men han har nok av velfunderte saker på programmet til at eg gjerne ynskjer han velkomen i stova sånn av og til. Spesielt når han har med seg stoff av det kalibere han har fullt opp sitt nyaste album med. Sitt fjerde.

Tittelen har han stole frå eit dikt av den ikkje heilt konvensjonelle poeten Paul Haines. Ein særdeles likefram tittel. Ein tittel som salutterer augeblikket og dets flyktige men også veldig livsfriske vesen. Og eg tenker at det ofte er nett der Collett er på Here's To Being Here. Utan at han plasserer hælane trygt planta i grunnen under seg og blir ståande der, han er nok helst oppe på tærne og dansar mot neste augeblikk. Til å hjelpe seg dit får han god hjelp av sine subtilt og dynamisk handlande medhjelparar (som hovudsaklig er hans turneband Paso Mino, samt ein og annan frå Broken Social Scene). I tillegg bør det vel også nemnast at Howie Beck sin leduge, luftige og organiske produksjon er alt anna enn skadelig for det endelige resultatet.

Frigjort frå kva som måtte vere musikalske motar eller dagsaktuelle trendar syng han desse songane sine. Dei kunne vore laga i 1970, i 1990 og sikkert også i 2050. Dei er med andre ord av den sorten det alltid vil vere nokon som lagar. Enten dei kjem i kraftpop format, kallar seg Papercut Hearts, og handlar om "the stab of love" og kva det måtte føre til av kloke eller særdeles lite kloke gjerningar, eller dei kjem i dvelande balladeform, kallar seg Somehow, og handlar om indre smerter og djupfølt anger.

Det er altså kjærleiken og dens uransakelige og ikkje alltid like føremålstenlige vegar det ofte handlar om hos Collett også. Men ikkje dei aller mest krokete vegane, og i alle fall ikkje dei som fører lukt i den svartaste fordervinga. For det er skinande strimer av håp og optimisme både i og mellom linjene hans. Og denne dualismen mellom håpet og motløysa turnerer han i stor grad med velformulerte, og alltid sentimentalfrie, vendingar. Det same kan vel seiast om det eg opplever som den andre nokså framtredande tematikken på albumet; det moderne versus det umoderne.

Og eg har ein sterk mistanke om at det er det umoderne som lever nærast Collett sitt hjerte. Som når han, i det lettbeint slentrande opningssporet Roll On Oblivion, på nær Dylansk vis snerrar at "The new wine rolling down Main street, while I'm in the alley being hard to find". Før han eit par spor seinare mellom snertne "oh oh-oh oh", subtile gitarspark og haustlege regndopar hevdar å vere Out Of Time.

I den røykfylte pianoballaden Henry's Song presenterer han oss for ein fyr som er "hopeless and romantic drunk on the blood of love" og "possessed with vision" men eclipsed by lust". At han i tillegg får karakteristikken "the happiest man on earth" må ein vel kanskje føre på kontoen "ein forbigåande tilstand".

Litt twangy stoff har Collett også på programmet. I den harmonistetta og banjo og munnspel drivne, og ikkje så lite tiltalande, No Redemption Song. Og i den lune og litt underfundige Nothing To Lose; "I got nothing to lose when I got nothing to do with you".

Men spør du meg bør du kanskje vurdere å ha eit og anna å gjere med den siste plata til Jason Collett. Det kan til og med hende at du ikkje kjem til å angre på det.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

Svart/hvitt er i det minste...
25.10.14 - 07:37

Svart/hvitt er i det minste bedre...
25.10.14 - 07:37

sign post
10.10.14 - 12:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: