cover

Waves (Great American Song Series vol. 2)

Eric Andersen

CD (2005) - Appleseed / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Folkpop / Blues / Americana / Visepop

Spor:
Once I Was
Ramblin' Boy
I've Got a Secret
Pale Blue Eyes
Golden Bird
John Brown
Changes
Today Is the Highway
On the Road Again
Coconut Grove
Bold Marauder
Hymn of Waves
Thirsty Boots

Referanser:
Fred Neil
Happy Traum
Bob Dylan
Tom Rush
Tom Paxton

Vis flere data

Se også:
The Street Was Always There (Great American Song Series vol. 1) - Eric Andersen (2004)
Beat Avenue - Eric Andersen (2003)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Det var ein gong, del 2

Andersen mimrar tilbake til dagane då gitaren var akustisk og ein song var ein song, men ikkje alle var ein Dylan.

For drygt 15 månader sidan avslutta eg omtalen av Eric Andersen sitt førre albumframstøyt, The Street Was Always There (Great American Song Series vol. 1), med eit råd om kanskje å skrinlegge planane om ein oppfylgjar. For med sitt litt vel pompøse og klamme grep om tonane til ein del av sine 60-tals kameratar gjorde Andersen alt anna enn å imponere på det albumet. Eric fylgde ikkje rådet mitt. Men hei, kanskje det ikkje var så dumt, for han kjem faktisk betre i frå det denne gongen.

Songane på Waves kjem frå same tida, nokon er velkjente andre meir obskure. Arrangementa Andersen og hans medhjelparar tyr til held seg på trygge grunnar, men er litt meir måtehaldne enn på nemnte vol. 1. Det er bra. Når så Andersen reint vokalmessig i større grad kjem innunder huda på sine utvalte strofer enn kva han fekk til sist, ja så blir dette dugande saker det.

Sjølvsagt matchar han ikkje Tim Buckley sin sjelfulle eleganse når han innleiingsvis prøver seg på denne sin meisterlige Once I Was. Det er likevel nok av varme og pasjon i Andersen si formidling av den vraka elskaren sine funderingar til at den kan få tittelen ei vellykka tolking. Åtgaum kan og bli gitt til måten han får den bluesy Fred Neil låta I've Got a Secret til å gro, vekse og blomstre på. Aller mest til stades er han nok likevel i sin eigen Today Is the Highway. Tittellåta frå hans 1965-debut er ei vise av typen countryslekta og nedpå, og er filtra inn i nokre av Andersen sine finaste tonekombinasjonar. Nyinnspelinga viser at dette er ei låt han er glad i.

Det er kanskje litt overraskande at han drar fram ei Velvet Underground-låt her, dei heldt jo ikkje akkurat til i same kvartalet, Andersen og dei dekadente støymakarane. Så er det heller ikkje Heroin eller Venus In Furs han har funne fram til, men den atskillig meir konvensjonelle Pale Blue Eyes. Kanskje den einaste VU-låta eg kan sjå for meg på repertoaret til dansebandet Kvisleiks i samfunnssalen i Ytre Hyggevik. Ei nydelig låt i Velvet-drakt, men samstundes ber den på eit stempel der det står "fare for å bli misbrukt". Misbrukar den gjer ikkje Andersen, men i den trygge forma han gjer den er han også eit godt stykke unna å få fram uroa som Reed planta der.

Intensjonen med desse Great American Song Series (om det kjem enda fleire veit eg ikkje) skal etter Andersen sine utsegn vere å få folk til å forstå at "the Greenwich Village singer/songwriters are as legit and enduring an American musical movement as the Great White Way, Tin Pan Alley or the Brill Building". Skal ikkje vere ueinig i det, men trur kanskje Andersen overvurderar si eiga påverknadskraft viss han reknar med at hans versjonar skal få så veldig mange fleire til å byrje å etterspørje platene til Fred Neil, Tim Buckley, Tom Rush og Bob Dylan. Dessutan har vel mange av desse artistane i stor grad allereie den statusen Andersen prøver å gje dei. Eller, hmmm, er det si eiga rolle i denne scenen han prøver å oppgradere? For det er ingen andre som er så sterkt representert med låtar på desse to utgjevingane som det Andersen sjølv er. To på førre, tre på denne. Eller gjer han dette fordi hans eigne låtskrivarevner er sterkt skrantane. Den nyskrivne Hymns of Waves kan tyde på det siste. Det er nemlig ein særdeles blodfattig og stilleståande ballade.

Neidå, eg trur nok intensjonane eigentlig er gode. Og når han saman med gode venner som Judy Collins, Arlo Guthrie og Tom Rush avsluttar i god gamal leirbål og hippiestil med sin eigen velrenommerte Thirsty Boots, ja då lyt eg konkludere med at dette trass alt har vore ei hyggelig lita stund blant årgangstonar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo