cover

Sir Dark Invader vs. The Fanglord

Richard Buckner & Jon Langford

CD (2005) - Buried Treasure / Fargo / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Folkrock / Countryrock

Spor:
Rolling of the Eyes
Nothing to Show
Sweet Anybody
From Attic to Basement
Torn Apart
Stayed
The Inca Princess
No Tears Tonight
Do You Wanna Go Somewhere?

Referanser:
Waco Brothers
The Mekons
Townes Van Zandt
Iron & Wine

Vis flere data

Se også:
The Hill - Richard Buckner (2000)
Richard Buckner - Richard Buckner (2003)
Dents and Shells - Richard Buckner (2004)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Frå loft til kjellar

Eit dugande møte blant ulikemenn i kåken til Sally Timms.

Å tenke seg den sordinerte og introverte Richard Buckner kollaborere med den meir støyande og geskjeftige Jon Langford høyrer kanskje ikkje med til dei mest opplagte av tankar. Buckner har sidan midten av 90-talet levert sine nedstemte funderingar kring det problematiske kjærleikslivet. Når han er på sitt beste, med låtar som Pull og 4am frå Devotion + Doubt (1997), skapar han tonepoesi av det riktig så utsøkte slaget. Nå har han vel etter den tid sjeldan vore oppe på det nivået. Ja, kanskje kan vi skulda han for å ha hatt ein litt vel einspora innfallsvinkel både tematisk og musikalsk. Likevel har det aldri vore bortkasta tid å søke selskap med ei Buckner-plate.

Jon Langford har ein musikalsk historie tilbake til 70-talet. Då var han med å starta det høgoktane og stadig sjangerskiftande bandet Mekons, saman med nokre medstudentar på universitetet i Leeds. Etter at han flytta til Chicago på 90-talet har den rufsete countryrock-gjengen Waco Brothers vore eit stadig tilbakevendande prosjekt. I tillegg til musikken har han også skapt seg eit namn som ein habil biletkunstnar. Han er ein produktiv fyr, så musikk, bilete og teiknestrips med Langford sin signatur kjem tett. Men kvantiteten er vel kanskje meir imponerande enn kvaliteten. Sjølv om han saktens har skapt ein del saker av fascinerande karakter også.

Seinsommaren 2002 hamna desse to karane på mystisk vis opp i kåken til Sally Timms (ei dame som har sunge med The Mekons). Her presenterte dei nokre eigenkomponerte songar for kvarandre, fant fram innspelingsutstyr, litt instrumenter og hanka tak eit par medhjelparar. Etterkvart skreiv dei til og med eit par-tre låtar saman. Når seansen var vel overstått vart det innspelte materiale liggande å samle støv. Heilt til Langford no har funne det passande å gje det ut på sin eigen label, Buried Treasure.

Med Langford-illustrert cover presenteras opplegget som Sir Dark Invader vs Fanglord. Så kan ein jo gjette kven som er kven. Vel, eg vil tru at oddsen er skrøpelig på å linke Buckner mot den svartsynte mørkemannen og Langford mot riddaren på den kvite hesten. Sjølvironien er avgjort til stades i rikt monn, og det er ein ledig og upretensiøs innstilling. Det som manglar er vel litt substans, samt dei verkelig store låtane. Dei har nok ikkje, slik plateselskapsnamnet skulle tyde på, akkurat vore på skattejakt i dei mest dyrebare delane av eige låtkammer.

Best er faktisk eit par av spora dei har komponert i fellesskap. Den strengefine og vagt vemodsfulle No Tears Tonight, der karane er rett så sjølvransakande i høve til sine prioriteringar og spesielt sin entusiasme for musikken; "but we both know that I got nothing, spent too much time playing in bands". Og ikkje minst den friske countryrockabilly-låta The Inca Princess. Her får ein verkeleg ei kjensle av at dei er på eit felles oppdrag med fokus på å skape noko minneverdig.

Det går sikkert an å hevde at begge har latt den andre parten sin karma få komme inn og røre litt ved sine vante vendingar. Til dømes så er Buckner si røyst og hans elegiske vesen ein sentral part av den tålsame Langford-låta Nothing to Show. Og Langford kan på si side kanskje ha inspirert Buckner til å dra fram ei såpass oppstemt (til han å vere) låt som Sweet Anybody. Men hovudinntrykket er nok likevel at Buckner sine låtar er skodd over Buckner-lesten og blir gjort på Buckner-vis, og Langford vice versa.

Det er neppe ei plate å oppsøke for nykomarar i Buckner og Langford sine sirklar. Då er det nok meir fornuftig å få fingrane i før nemnte Devotion + Doubt, og kanskje Mekons-albumet Rock n'Roll. For kjentfolk derimot er det sikkert eit album som kan vere kjekt å ha.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK-...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: