cover

More Than Any Other Day

Ought

CD (2014) - Constellation

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Post-punk

Spor:
Pleasant Heart
Today, More Than Any Other Day
Habit
The Weather Song
Forgiveness
Around Again
Clarity!
Gemini

Referanser:
Talking Heads
The Feelies
Wire
The Velvet Underground
Gang of Four
Violent Femmes

Vis flere data

(0 / 7) (0 / 7) (0 / 7) (0 / 7) (0 / 7) (0 / 7) (0 / 7)


Midt oppe i det

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Det er ikkje klinkande klart kva som skjer, men det er klinkande klart at Ought er midt oppe i det. Midt mellom to like fantastiske songar dukkar fantastiske Habit opp. På ei stram basslinje, framfor eit slentrande trommemønster, i lag med klaprande gitartonar, syng Tim Beeler om noko å tru på, eit eller anna som er vanskelig å gripe fatt i, noko ein lengtar etter skal skje, som kan skje overalt. "In a non specific party, in a non specific city". Og no nærmar det seg, no nærmar det seg. Intensiteten grip om seg, låta veks, sug seg fast, gnistrar. "Is there something you were trying to express here?" spør Beeler, "express it with me" foreslår han, desperat. Med ei røyst som har nervøsiteten til ein ung David Byrne i seg lar han dei fleste forsvarsverk falle, og driv inn i det. Ser Det komme igjen, komme til han, ser ein vane ta form, og formidlar ein angst, ei spenning, eit begjær. Eg kan minnast Gordon Gano i nokre klassiske Violent Femmes-augeblikk gjere noko liknande. Gå inn i ein urovekkande ekstase, og mane fram opplevinga. "Do you feel it like I feel it, like I feel it? I feel a habit forming" messar Beeler, "a habit, a habit, a habit". Og nokre strykartonar har komme til, desorienterte og truande, temperaturen er forbi faregrensa. Ein rock'n roll låt av varig verdi er født.

Kvartetten Ought held hus i Montreal. Dei fire møttest der i samband med studier. Dei kjem alle frå anna hald, og ingen frå Canada. Songar og gitarist Tim Beeler, tangentist Matt May og bassist Ben Stidworthy kjem alle frå dei nordlege delar av USA, medan trommeslagar (og fiolinist) Tim Keen kjem frå Australia. Biografien fortel at dei fire tilhøyrer eit kunst- og politisk aktivt miljø i den canadiske byen. Som band har dei helde det gåande sidan 2011, gitt ut eit par EP'ar, etter kvart fått platekontrakt med Constellation records, og albumdebuterar no med den 46 minuttar og 8 låtar lange bragda More Than Any Other Day.

Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Ikkje veit eg kva og kven som har dratt bandet i denne retninga, men eg meiner i alle fall å høyre hos dei noko av det same kvilelause draget som i si tid kjenneteikna Talking Heads og The Feelies. Men no er dei ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

Politikk. "Today, together, we're all the fucking same" uttalar Beeler i det som tittelmessig nesten er eit tittelspor. Manar til revolusjon gjer ikkje bandet, men eit tydelig sosialistisk element er det i mykje av det dei formidlar. Introspektiv kjærleikstrøbbel lar dei stort sett ligge, og behandlar heller individet i ein større samanheng. Ein større samanheng som aldri blir eit utydelig heile. Det hadde jo vore meiningslaust. Som vi alle veit er den store samanhengen summen av uendelige mengder små samanhengar og mikroskopiske hendingar. Det er desse Ought zoomar inn på.

"Today, more than any other day, I am excited to feel the milk of human kindness" syng Beeler i det tittelsporet offisielt kjem i gang. Det er midtvegs i låta. Då har den bygd seg opp frå ein enkel dvelande start, via eit gradvis intensiverande "we're sinking deeper", til eit rått temposkifte, og Beeler sin introduksjon til det som så fylgjer. Og det som fylgjer er dette:

"Today, more than any other day, I am excited to feel the milk of human kindness.
And today, more than any other day, I am excited to go grocery shopping.
And today, more than any other day, I am prepared to make the decision between 2% and whole milk.
And today, more than any other day, I'll look into the eyes of the old man crossing me at the train station and say: ‘Hey, everything's gonna be okay!"

Korleis dette verset skal tolkast? Vel, eg tenker at på den eine sida formidlar Beeler menneskelig omtanke og godheit, på den andre sida kjem han med eit sarkastisk lite spark til forbrukarsamfunnet og den menneskelig dårskap. Deretter blir det krakilsk. Deretter går tonar i fleire retningar og Beeler prøver å formulere sitt " today, together, we're all the fucking same".

På andre sida av Habit kjem The Weather Song. Med snerr i tonelaget, smått agitatoriske grep og eit noko desillusjonert syn på tingas tilstand. Versa har eit skranglete men samstundes målmedvite ganglag, og eit hint av Street Fighting Man. Medan refrenget –"I just want to revel in your lies, we got to feeling we won't take it any more" – refrenget, med sitt keyboard-driv, sitt eldfulle vesen, er det mest fengande ein finn på plata.

Det er liv i dei fem andre låtane på plata også. Frå det intrikate og grumsete opningssporet Pleasant Heart til krautgroovy og aggressive Gemini, med den klargjerande opningslinje, "I retain the right to be disgusted by life, I retain the right to be in love with everything in sight". Frå langsamt gnagande og smått Velvetske Forgiveness, via Around Again sin nervøse danserytmikk og ein songars utspørjing av Gud, til sonisk ugode og dramatunge Clarity!.

Så jodå, det er klinkande klart at Ought er midt oppe i det. Og der trur eg jaggu meg dei kjem til å vere ei stund.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo