cover

Audible Sigh

Bill Mallonee & Vigilantes of Love

CD (1999) - Compass / Lo-Fi

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Heartland rock / Countryrock

Spor:
Goes Without Saying
She Walks On Roses
Resplendent
Now As the Train Pulls Away
Starry Eyed
Extreme North of the Compass
Nothing Like a Train
Hard Luck & Heart Attack
Black Cloud O'er Me
Good Luck Charm
Could Be a Lot Worse
Solar System

Referanser:
Counting Crows
Hootie & The Blowfish
John Mellencamp

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Forsert sukk

Ordinær og lite tilfredsstillande americana frå Athens, Georgia.

Det er blitt hevda at i låtskrivar-bransjen kan ein komme unna med temmelig semre tekstar berre ein gjev dei sterkt nok melodi-fylgje. Ein tekst derimot, samme kor skarp og velskreven den måtte være, kan i veldig liten grad redde ein skral melodi. Eg er heilt einig.

Bill Mallonee har mange kompetente tekstar. Men når det kjem til attraktiv tonemontering slit mannen meir, atskillig meir. Dermed endar Audible Sigh dessverre opp som ein heller uinteressant affære.

Bill og hans Vigilantes of Love var ein stadig skiftande combo som heldt det gåande frå 90-talet sin spede begynnelse og fram til 2001. Etter den tid har Bill operert med kun sitt eige navn. I løpet av V.O.L perioden kom det noko sånt som ti album. Audible Sigh er det niende i rekka, og trippa ut av Compass records sitt lager for første gong i 1999.

Dette godt høyrbare sukket er underteikna sitt aller første møte med Bill og kjærleikens vaktbikkjer. Så korleis plata står i forhold til resten av katalogen hans kan eg ikkje seie noko om. Kor som er, på Audible Sigh diskar han i alle fall opp med rimelig tradisjonell americana og heartlandrock. Med låtar som aldri overraskar, og som aldri er utstyrt med tiltalande tonar over lengre strekkjer. Buddy Miller, som er ansvarleg for fleire habile countryplater, har tatt seg av produksjonen, utan å lykkast så altfor godt. I mine øyrer virkar det som han har gitt plass til for mykje unyansert driv, og for lite oksygen-tilføring og dynamisk lydplassering. Julie Miller, Buddy si kone, er også med her, men hennes koring forsvinn stort sett bak bruset av uelegant instrumentelt arbeid. På ein av dei få låtane ein finn snev av habil melodiføring, Resplendent, er forresten dronninga sjølv - Emmylou Harris - inne og låner vekk røysta si. Ellers, tja, Now As the Train Pulls Away touchar brukbare tonar, og har eit dugandes driv som kun haltar eit par gonger. Noko av det samme kan også kanskje seiast om Starry Eyed og Hard Luck & Heart Attack.

Eg kunne alltids dratt parallellar til det massive lokomotivet som ligg velta og fastlåst i ei myr på bildet som prydar omslaget. Men det er vel kanskje litt ufint. Bill Mallonee er tross alt berre ein hardtarbeidande og velmeinande fyr, som ikkje heilt har fått det til, ikkje på Audible Sigh i alle fall.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo