cover

The Magnificent Defeat

Jay Bennett

CD (2006) - Rykodisc / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock

Spor:
Slow Beautiful Seconds Faster
5th Grade
Wide Open
The Palace At 4 AM
Replace You
Out All Night
Thank You
Phone Book
Overexcusers
Survey The Damage
Butterfly
I'm Feelin' Fine
Gold
Twice Is Forever

Referanser:
Wilco
Elvis Costello
Squeeze
Tom Petty
Jeff Lynne

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Jaya

Han var der for ti år sidan. Han er der ikkje no.

Etter å ha vore Wilco sin nestkommanderande i seks år, vart Jay Bennett pressa ut av bandet idet innspelingane av meisterverket Yankee Hotel Foxtrot gjekk inn i siste fase. Den same aprildagen i 2002 som Yankee Hotel Foxtrot endelig kom ut, var så Bennett der med sitt første post-Wilco album. Eit samarbeidsprosjekt med vennen Edward Burch som bar tittelen The Palace At 4 A.M. Albumet var milevis unna å få den same merksemda som plata til gamlebandet hans vart til del. Det fortente den nok ikkje heller: Ei sympatisk men ikkje særlig spennande plate med countryfolksy poprock.

Eg har etter den tid latt Bennett få drive med sitt utan å bry meg med kva han skulle ha å bestille. Er hans Rykodisc-debut, The Magnificent Defeat, representativ for kvaliteten på hans to mellomliggande utgjevingar, har eg nok ikkje godt glipp av dei store tinga. 13 låtar i eit relativt lydomfattande poprock-bilde som berre unntaksvis byr seg fram som appetittvekkande.

Låtane på plata er blitt til i etterdønningane av ei skilsmisse. Noko det tekstlige, neppe så overraskande, ber preg av. Eller kva skal vi seie om tilfeldig utvalte strofer som; "she was a pretty bad kisser, she kept cryin' through her teeth at night, but still I think I'm gonna miss her" eller "I'm so sorry that I blew your cover, but it wasn't that hard when you jump from under one sheet to another" eller "so what's a man with a woman with a mission to do?".

Nei, det der kjærleikslivet er ikkje så lett å forstå seg på, du.

Det kanskje største problemet til The Magnificent Defeat gjev seg til kjenne noko alldeles voldsamt med ein gong. La oss kalle det for drapsforsøket på ei allereie død låt. I ei kaotisk stressande og lydmessig overlessa form går Bennett til åtak på opningssporet Slow Beautifully Seconds Faster og trampar den meir død enn det eigentlig er fysisk mulig å få til. Rett nok utan å bli like ille foruretta som dette, så slit fleire av spora seg fram i eit overivrig og krampaktig sonisk bilde. Det er som om Bennett skal vise at han har flust av idear han også, og så slenger han like godt alle saman i fjeset på lyttaren samstundes.

Okay då, innimellom har han nokre dugande saker å by på. 5th Grade er ein kjapp framoverbøygd og fin poplåt med både gamle Wilco-minner og Elvis Costello-fakter som sentrale verkemidler. Costello-tankar dukkar forresten titt og ofte opp heile albumet igjennom. Det er noko med stemma og fraseringsteknikken til Bennett som er skummelt likt den brillefine engelske Elvisen. Ikkje minst i den blå, og litt grå, King of America-inspirerte balladen The Palace At 4 A.M. (ja, den har same tittel som solo-debutalbumet til Bennett, men er heilt ny).

Wide Open og Out All Night strenar seg framover med energiske og habile Tom Petty-slekta takter i ryggen. Replace You er ein riffskarp og orgeldrivande liten djevel. Og Survey the Damage klorar og klør på høvelig vis for så å slå til med eit yndefullt refreng. Men då er det vel jamt slutt på det positive også. Om ein då ikkje skal trekke fram den uannonserte og barroom-piano utstyrte countryrockaren som dukkar opp som ekstranummer. Den er, om ikkje anna, i alle fall fullstendig upretensiøs.

No trur eg vel ikkje at Jay Bennett har stoff i seg til å lage dei store meisterverka, men om han prøver litt mindre ser eg ikkje bort frå at han har ei fin lita pop-plate eller to innabords.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo