cover

We Used to Think the Freeway Sounded Like a River

Richmond Fontaine

CD (2009) - Decor / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Folk / Countryrock / Ørkenrock

Spor:
We Used to Think the Freeway Sounded Like a River
Northwest
You Can Move Back Here
The Boyfriends
The Pull
Sitting Outside My Dad's Old House
Maybe We Were Both Born Blue
Watch Out
43
Lonnie
Ruby and Lou
Walking Back to Our Place at 3am
Two Alone
A Letter to the Patron Saint of Nurses

Referanser:
Bruce Springsteen
American Music Club
Son Volt
The Replacements
Calexico
Ben Weaver

Vis flere data

Se også:
Winnemucca - Richmond Fontaine (2002)
Winnemucca - Richmond Fontaine (2002)
Post to Wire - Richmond Fontaine (2003)
The Fitzgerald - Richmond Fontaine (2005)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Armod og draum

Med sterke historier og minneverdige tonar skapar dei endå ein gong eit americana-bilde verdt å utforske.

Eit par dagar før Richmond Fontaine sin 2007-turné skulle avsluttast fekk frontmann Willy Vlautin beskjed om at mora var død. Brått og uventa. Han vendte heim til sitt husvære i utkanten av Portland, Oregon. Nokre veker seinare fall han av hesten, og knekte ein arm på stygt vis. Livet til låtskrivaren og forfattaren fortona seg no som motsatsen til skimrande. I det moduset (og vel så det) har livet til personane han har tatt på seg å skildre, i songane og bøkene sine, pleidd å vere også.

Gjennom åtte album og to romanar har Willy Vlautin fortalt om folk som slit med å få tilværet inn på eit funksjonelt spor. Folk som på eit eller anna tidspunkt har komme så skeivt ut at det nærast er umogeleg å rette seg opp att. Folk som plutselig er midt oppe i omstende som krev handlekraft. Nokon gjer opp, og går under, andre prøver, men flyt sjeldan inn i lukka av den grunn. Det ligg eit nesten ulækjelig mismot over historiene til Willy. Eit mismot eit kvart håp vil kvi seg for å utfordre. Sonisk sett er stoffet passande nok planta eit americanagrått bilde. Eit sterkt medrivande eit, frå Winnemucca i 2002, og utan unntak sidan.

Dette mismotet, og det soniske bildet det er planta i, har alltid gitt resonansar til album som Trace av Son Volt, Everclear av American Music Club, og Bruce Springsteen sitt Nebraska-album. Kanskje aller mest det siste, med tanke på den forteljande og novellistiske stilen Vlaudin opererer i. I tillegg til å døyve ved dette mismotet er stilen kjenneteikna av eit konsist, reinskore, oppriktig og skånsellaust språk. Eit språk som gjer det freistande å dra nokre linjer mot ein del forfattarar også, som Larry Brown, John Fante og Raymond Carver. For ja, han skriv tekstar på eit nivå som gjer meining i å kome drassande med slike namn.

Songane Vlaudin har skrive i etterdønningane av omstenda eg omtala i første avsnitt har mykje av det same i seg som tidlegare songar. Veldig mykje. Men, er det ikkje spor av litt meir von i dei? Gjer han ikkje livet og kjærleiken litt større sjansar denne gongen? Sjansar til, om ikkje akkurat å råde og regjere, så i alle fall til å klare seg, på eit vis. Jo, så synst no denne lyttar.

La oss starte med tittelen. Den er lang, men ikkje dårlig: We Used To Think The Freeway Sounded Like A River. Er det ikkje litt poesi i den tanken? Er det ikkje ein litt optimistisk tona tanke, ein fredfull tanke? Samstundes, det er ein tanke som var. Noko har skjedd, så slik er det kanskje ikkje lenger.

Nei, slik er det ikkje lenger, i det innleiande kuttet som ber tittelens namn. Dei var to som budde saman i eit forlate hus nær motorvegen. Dei skapte ein liten heim, og dei drøymde at det evige suset frå vegen var lyden av ei elv. Ein dag dei kom heim var huset rana og rasert. Heimen var borte, draumen, og elva med. Bandet spelar lågmælt, Vlautin syng med si tørre røyst, og touchar borti nokre Springsteenske tonar. Vemodige, og veldig vakre tonar.

Ruby and Lou heiter eit anna par (og song). Dei er på ei reis, dei har eit sterkt håp om å finne ein stad der lukka spelar hovudrolla. Dei gjer rom til ein ung gut. Når dei er ute ein tur finn guten Lous skytevåpen, og skyt seg. Vegen til lukka verkar brått veldig mykje lengre. Tonen er somber, akustisk, og ein cello. Og den gjer inntrykk.

Two Alone er ein annan skål. Han jobbar som sjåfør på ein truck. Ho er gravid, og veldig glad i kredittkortet. Han er på veg heim. Han vil ikkje heim. "You gotta run", seier den vesle djevelen på skuldra; "No I won't". "You wanna be just like you're dad?" vert det spurd frå andre skuldra; "No I won't". Det perkussive dansar energisk, gitarane betalar ei elektrisk bot. Bandet får romstere i ein lengre outro. Glødande.

Richmond Fontaine er den same gjengen som dei har vore over nokre år no. Dei er lyden av eit samspelt band, men også eit frigjort og søkande band. Eit band som varierer sitt uttrykk. Som dveler, teier og kitlar varleg. Men som også brenn og bråkar. Dei høyrer vel til innunder eit americanalandskap. Eit breidt eit, som famnar både folk, country, jazz, rock, og noko sfærisk der ute frå ørkenen ein stad.

Hitlåtar har aldri vore Richmond Fontaine si greie. Denne gongen byr dei likevel på ein singel, You Can Move Back Here. Ein låt med klare spor av Paul Westerberg. Ikkje eit høgdepunkt, men ei bra låt. Det er no like fullt eit albumband dei er. Og eit album har dei laga. Eit som kryp og dansar mellom det dunkle lyset og det slukande mørkret. Sett saman av subtile tonar, triste tonar, trøystande tonar, og The Boyfriends.

Ugløymelige The Boyfriends: Ein mann vert kjent med ei dame. Blir med henne heim. Kleda forsvinn, kåtskapen rår. Ho sit oppå han, han opnar augene, og stirer rett inn i to barneauger: "I didn't know that, she didn't told me that, I ain't like that, Oh I ain't gonna be like that". Ein trompet smyg innom og bles vemodige mariachifarga tonar. Hovudpersonen byrjar minnast sin eigen barndom. Åleine med ei mor, og hennar stadig vekslande kjæraster: "Oh I ain't gonna be like that".

Eit høgdepunt, eit skilsettande eit. Blant fleire, på eit sterkt album. Endå eit.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo