cover

Hal

Hal

CD (2005) - Rough Trade / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Softrock / Soul / Psykedelia

Spor:
What a Lovely Dance
Play the Hits
Keep Love as Your Golden Rule
Don’t Come Running
I Sat Down
My Eyes Are Sore
Fools by Your Side
Worry About the Wind
Satisfied
Slow Down (You’ve Got a Friend)
Coming Right Over

Referanser:
Beach Boys
The Beatles
The Byrds
The Band
Phil Spector
The Jayhawks
The La's
Steely Dan
Burt Bacharach
Harry Nilsson

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Gode vibrasjonar

Irske debutantar med godlåtar innabords og sommaren i sikte.

For to år sidan segla irske The Thrills inn i livet til fleire av oss med den friske låta Big Sur samt eit "California anno 1968"-merka debutalbum. Frå same land og med eit debutalbum med ganske så identisk merkelapp (kanskje årstalet kan endrast til 1967?) dukkar i desse dagar kvartetten Hal opp. I front av denne hendinga har sannsynlegvis dei vakne blant oss (samt nokon til) fått med seg singelen Worry About the Wind. Ei låt parhestane Dave Allen og Stephen O'Brien tileigna den avdøyde bassisten og songaren Rick Danko frå The Band. Ei låt rik på vene tonar - harmonifull og souleggande, håpefull og vemodig. Ei låt som bar bod om enda eit band med tidsmaskina innstilt på dei rette sekstitalstonane.

Slett ikkje eit framstøyt som tek sikte på å revolusjonere musikkverda, med andre ord. Like fullt eit vellykka framstøyt. Låtane deira er enkle og velfungerande komposisjonar som vert lirka og snudd litt på, og dermed viser fram ei side og to til. Tona deira sprudlar oftare i vår og sommar drakt enn pakkar seg inn i haust og vinter frakk. Rett nok melder Dave Allen si lyse og friske røyst stadig om mellommenneskelege relasjonsutfordringar, men det er ein optimistisk og håpefull undertone i det aller meste. Noko veslebror Paul Allen sine spenstige harmoni innspel skal ha sin del av æra for.

Idéen til bandnamnet fekk dei då dei såg Kubrick-filmen 2001: Ein Romodyseé. Den morderiske datamaskina HAL gav nemlig karane eit par namneassosiasjonar - Burt Bacharach sin samarbeidspartnar Hal Davids og Phil Spector sin trommis Hal Blaine. Med tanke på korleis opplegget deira lyde er ikkje den samanhengen eit dårleg utgangspunkt.

Det søkande og idérike grunnarbeidet gjorde Brian Wilson, The Band, The Byrds, The Beatles og Phil Spector for snart 40 år sidan. Dei fire musikkelskarane frå Dublin gjer likevel litt meir enn å surfe blant ferdigforma innfall. I sin hug etter alt som er eldre enn Surf's Up skapar dei i alle fall to låtar til (i tillegg til Worry About the Wind) som kjem til å overleve sommaren 2005 (og mange somrar til). Den mangslungne popsymfonien My Eyes Are Sore er muligvis det mest fullkomne Brian Wilson-eventyret som Brian Wilson ikkje har hatt fingrane borti. Medan kjærleikserklæringa til dei store låtane, så alldeles perfekt titulert Play the Hits, er eit av dei friskaste små popmirakler sidan The La's kom stormande inn på popscena med There She Goes.

Nå er det ikkje ei tvers igjennom fullkomen vandring i popsnop Hal tilbyr. Det finst nok eit og anna spor av meir anonym karakter. Dette vert likevel overskygga av dei gode vibrasjonane ein kjenner i møte med låtar som den innfallsrike og Byrdsharmoniserte Don't Come Running og den brunstige soulballaden Satisfied. Hugnad strør også yndige Keep Love As Your Golden Rule raust rundt seg med. Medan dei nikkar freidig i retning The Jayhawks når dei byr opp til What a Lovely Dance.

Så då kan vel sommaren berre komme, då?

comments powered by Disqus

 



christian barfoed
2005-06-19legesyg pop

Kan ske at Hal lyder som en lang hyldest til Brian Wilson - men hvor er det dog talentfuldt og legesygt, og så giver de to brødres harmonier med et vemodigt strejf af Everly Brothers en hel ekstra dimension. Årets pop-plade, synes jeg - den bliver svær at overgå.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo