cover

Fuckin A

The Thermals

CD (2004) - Sub Pop / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Punk / Poprock

Spor:
Our Trip
Every Stitch
How We Know
When You're Thrown
Remember Today
A Stare Like Yours
Let Your Earth Quake, Baby
God and Country
End to Begin
Forward
Keep Time
Top of the Earth

Referanser:
Ramones
Wire
Green Day
Superchunk
All Girl Summer Fun Band

Vis flere data

Se også:
More Parts Per Million - The Thermals (2003)
The Body, the Blood, the Machine - The Thermals (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


'1-2-3-forward'

Full fart rett fram i tett driv. Pusterom er nedprioriterte saker.

Det finst ei rekkje band der ute som ikkje har stort meir enn eit tempo og ein melodi. Noko dei kan leve ei stund på, så lenge energien er livaktig og melodien er flott. Det mest klassiske eksempelet er vel The Ramones. Portland, Oregon-trioen The Thermals er ute på noko av det samme kjøret, utan å ha ein like sterk låt som Ramones i botn. Likevel klarar dei seg betre enn mange andre i samme situasjon.

Energien er så definitivt tilstades, livfull er den for så vidt også. Her er det full fres rett fram ("1-2-3-forward"), tett gitardriv (fuzz og få akkordar) og driftige rytmar. Men det skortar sjølvsagt ganske mykje på dynamikk-forståinga. Slik at å delta på premissane til Fuckin A frå start til mål nok også kan bli ein litt for tett og påtrengande øvelse.

Førsteinntrykket er at låt etter låt bit kvarandre i halen, for så å halde fram i samme dur. Gjer ein imidlertid eit tappert forsøk på å komme kvar låt nærare inn på livet finn ein nyansar. Dei er ikkje utprega og gedigne, men dei er der. Slik vart eg venn med How We Know, ein Wire-på-poptripp sak, med albumet sitt beste forsøk på å skape litt lys/skygge-effekt. Let Your Earth Quake, Baby skil seg også litt ut med sitt spastiske driv. Høgdepunktet er likevel End To Begin. Ein sak med fin aksellerasjon, som når sitt topp-punkt i eit heftig refreng; "Static in a box, static in a c(l)ock, so help me crank it up, so help me crank it up".

Sangstilen til frontmann Hutch Harris er av det snakkesyngande slaget. Pågåande og intenst. Slik det blir gjort av mellom andre Bob Dylan på Subterranean Homesick Blues, Michael Stipe på It's The End Of The World... og John Darnielle på Letter From Belgium - sjølv om Hutch nok ikkje dyrkar nyansane og pusteromma like skarpskodd som særlig dei to førstnemnte av desse karane gjer. Lyden The Thermals lagar kan vel definerast som punkrock med litt pop-preg. Sistnemnte preg er for øvrig å finne i ein noko meir sjarmerande variant hos det fabelaktige orkesteret til Thermals sin bassist Kathy Foster; All Girl Summer Fun Band (verkelig verdt å sjekke ut).

Der debuten More Parts Per Million med rette bar karakteristikken No-Fi (ein særdeles heimesnekra og grumsete affære), har Fuckin A blitt tildelt eit langt reinare lydbilde, og vinn vel egentlig på det. Like fullt, den er nok ikkje esla for Hi-Fi Klubben og deires likemenn av den grunn. Gjort som den er, utan særlig tid til flikking og ordning, på fire dagar med Chris Walla (Death Cab For Cutie) som lydsjef.

Det står oppført eit spor tretten på omslaget, kalt Thank You Goodnight. Denne dukkar aldri opp. Og eg er ikkje så sikker på om det gjer så mykje. Tolv låtar og 28 minuttar med Thermals rock er vel i grunn nok.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo