cover

Love Always Follows Me

Lauren Agnelli

CD (2004) - Bongo Beat

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop / Jazz

Stiler:
Cabaret / Folkpop / Folkrock / Crooner

Spor:
I'm Confessin'
Mi Querida
The Ballad of the Ladies Man
Special Someone
Love Always Follows Me
Love's Afterglow
Bitter/Sweet
It Must Be Tuesday (I Can't Reach You)
That Kind Of Boy
Western Winds
Sand Castle Song
September Song
(reprise) I'm Confessin'
On the Street Where You Live
Technicolor Shadows

Referanser:
Marianne Faithfull
Billie Holiday
Patti Smith

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Blant kjærleiken sine røykringar

Ei dame som har vore på musikkfarten i fleire tiår solodebuterer med jazzige cabaret-tonar. Dunkelt, langsomt og yndig.

Sjølv om Love Always Follows Me er hennes debut som soloartist er slett ikkje Lauren Agnelli ein nykomar på musikkscena. Ho har på ulike vis vore ein del av musikkmiljøet i New York heilt sidan 70-talet. Først som skribent i magasiner som Creem og Village Voice, seinare som utøvande kunstnar. Ho var med i det vitale miljøet rundt den legendariske CBGB-klubben, som medlem av det ikkje altfor kjente bandet Nervus Rex. På åttitalet var ho ein av tre medlemer i det spreke folkbandet Washington Squares (deires sjølvtitulerte debut samt oppfølgaren Fair & Square er vel verdt å sjekke ut - "antifolk" fleire år før det vart eit begrep). 90-talet gjekk med til ein liten gjesteopptreden (eit album) med det sjangerhoppande folk-orkesteret Brave Combo, samt eit meir inngåande samarbeid med eks-new waver Dave Rave (Teenage Head). Desse to danna ein duo med det originale namnet Agnelli & Rave, og spelte musikk i grenselandet mellom folk og pop. Etter årtusenskiftet har dama spelt litt bassgitar i det heftige popbandet The Rooks, og ho har livnært seg som "seint på kvelden"-sangar i New York sine meir blå buler. Det er frå sistnemnte aktivitetar Love Always Follows Me har smygd seg fram.

Albumet består i hovudsak av låtar Agnelli sjølv har snekra i hop i selskap med musikarvener. Men her finst og ei lita handfull standardlåtar frå det røyfylte 30-talet. Det vitale jazznummeret I'm Confessin' (som mellom andre Theolonius Monk i si tid hadde på repertoaret) innleiar ei økt med balladar som svingar seg frå det tilbakelendte mot det naivt håpefulle, og frå det svultne til det djupt vemodsfulle. Her er ein både leiken og gripande tolking av Kurt Weill sin legendariske September Song, og her er ein enkel (Agnelli og ein akustisk gitar) og yndig versjon av My Fair Lady nummeret On the Street Where You Live.

Like fullt er det fleire av dei nyskrevne låtane som påkallar like stor interesse. Det varlege tilskotet av popkjensle i låtar som vemodige Special Someone (komponert i samkvem med The Rooks-sjef Mike Mazzarella) og heite Love's Afterglow gjer seansen ei tjeneste. Møte mellom dystre cellotonar og varlege pianotårer i Bitter/Sweet fargar eit dunkelt bilde. På Western Winds dukkar Dave Rave opp og vokalharmonerer i ein elegant mediumsvingande affære. Djupast inntrykk trur eg likevel den nakne balladen It Must Be Tuesday (I Can't Reach You) gjer. Mest fordi den er full av vakker melankoli i langsom maner, ikkje heilt ulikt Patti Smith på låtar som Trampin' og Elegie. Men og litt fordi den vart skreven dagen før tirsdag 11. september 2001: "It must be tuesday, at the end of a bad day, the bad dream it won't go away..."

Slik tilfellet er på dei fleste soloutgjevingar så går heller ikkje Lauren Agnelli løypa aleine. Ho har med seg ein fin gjeng frå New York si jazzscene som veit å putte tonane sine på dei rette stadane. Dei blå pianotonane frå Jason Teborek og Matt Rey er saman med arrangør Mark McCarron sin gitar og kontrabassen til Joe Bussey oftast tilstades. Men tonar frå klarinett, obo, fløyte, cello og bassoon dukkar og opp, heilt trommefritt er det heller ikkje.

Skulle eg kome med innvendingar måtte det vere at det nennsomme i litt større grad kunne vorte utfordra av litt uskikkeleg framferd. Det er nemlig til å tåle det også, sjølv om velværestillinga er innteken. Uansett, Love Always Follows Me har ikkje gjort sin siste runde i stova mi.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo