cover

Johnossi

Johnossi

CD (2005) - V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Garasjerock

Spor:
The Show Tonight
Execution Song
Glory Days to Come
There's a Lot of Things to Do Before You Die
Man Must Dance
Family Values
Press Hold
Happiness a la Mode
From Peoples Heart
Santa Monica Bay
The Lottery
Summerbreeze
Rescue Team
Risky Business I
Risky Business II

Referanser:
The White Stripes
The Soundtrack of Our Lives
The Alarm

Vis flere data

Se også:
Mavericks - Johnossi (2010)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Kraftig enkelt

Med enkle midlar og melodisk talent smett to unge svenskar innom og vil ha litt merksemd.

Det enkle er ofte det beste, heiter det som kjent i ein velkjent klisjé. Og enkelt er termen til Johnossi. Dei er frå Sverige, dei er to, og dei heiter John Engelbert og Oskar "Ossi" Bonde. Førstnemnte spelar gitar og syng, sistnemnte slår på trommer. Dei har vore eit musikalsk par i cirka 3 år. Dette er debutalbumet deira. Det kom ut i Sverige for eitt år sidan, i desse dagar har det fått distribusjon i Norge. Johnossi spelar rock. Noko dei gjer om ikkje best, så i alle fall riktig så bra.

Etter at The White Stripes spreidde sine kvite blodlekamar utover store deler av den vestlige verda har så godt som alle band som insisterer på å klare seg i bassfrie duoformer måtta tåle å bli parallellkopla med det dynamiske søskenparet. Slett ikkje ei rettferdig ordning sjølvsagt, og i Johnossi sin samanheng omtrent like lite som i dei fleste andre tilfelle. Eg snappar no likevel opp eit og anna i opningssporet The Show Tonight som kan minne om dei kvitstripete, ja og så kanskje enkelte parti av Press Hold. Sånn elles er det vel andre referansar det kan vere like passande å komme trekkande med. Eit nedstrippa Soundtrack of Our Lives, eit spikerdansande og avpolitisert The Alarm, eller kanskje ein T. Rex utan stort hår og glamfakter. Det paradoksale er at midt i alt dette minimalistiske skaper Johnossi også ei kjensle av noko grand.

Det siste gjeld kanskje spesielt for Glory Days to Come, som sjølv med enkelte spastiske trekk har noko hymne-aktig over seg. Frå eit atskilleg trongare og skitnare rom, la oss for eksempel seie ein garasje, kjem den akselererande og ikkje så lite vinnande Execution Song. Her snakkar vi rå energi para med melodisk kløkt. Det kan vi forresten snakke om ved fleire høve her. Ossi er ein trommis med høgt aktivitetsnivå, og John Engelbert spelar på ein akustisk gitar men sender som oftast lyden av den gjennom effektboksar og forsterkarar meint for el-gitar, slik at den kjem ut igjen i rå, vrengte og kraftfulle former. Låtane som får denne handsaminga er ofte bygd opp av catchy og lett tennelige melodilinjer. Det vere seg den spretne og knipse-pirrande Man Must Dance, den intense There's a Lot of Things to Do Before You Die eller den lunefulle Santa Monica Bay.

Den andre halvdelen av albumet er gjennomgåande noko meir roleg i formene enn den første. Her finn vi den særs så attråverdige og lett håpefulle balladen Happiness a la Mode, og den nesten like fine og kanskje endå litt meir håpefulle The Lottery. Samstundes finn ein vel også eit par nummer i denne avdelinga som blir litt i mattaste laget. At duoen nok har aller best grep om sakene når dei kvesser gitarlyden og krummar nakken er ekstraspora Risky Business I og Risky Business II eit eksempel på. Den første fresande og engasjerande, den andre dempa, akustisk og litt tråkig.

Det er likevel liten tvil om at det dominerande inntrykket blir at dette er driftige saker. Overstyrte gitarstråler, angstfulle bøner og jublande "bop-be-ra-bom-bom" som siktar og treff mitt i hjertefleisen. Eller kva seier du Tobben?

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Torgeir Waldemar: Natta, tankane og morgondagen

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast...

Hardingfelepsykedelia
The Low Frequency In Stereo + Nils Økland = Hardingfelepsykedelia.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hei, jeg heter Adrian og er...
31.10.14 - 12:26

Svart/hvitt er i det minste...
25.10.14 - 07:37

Svart/hvitt er i det minste bedre...
25.10.14 - 07:37

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Torgeir Waldemar - Torgeir Waldemar

(Vestkyst)

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast.

Tidligere:

Ought - More Than Any Other Day