cover

Dead as Dreams

Weakling

CD (2000) - tUMULt

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Black metal / Metal

Spor:
Cut Their Grain and Place Fire Therein
Dead as Dreams
This Entire Fucking Battlefield
No One Can Be Called as a Man While He'll Die
Disasters in the Sun

Vis flere data


Alive and screaming

Fem lange år har smuldra sakte opp sidan Tumult slapp Weakling laus på verda, men framleis har ingen fanklubb blitt oppretta.

Fem lange år har smuldra sakte opp sidan Tumult slapp Weakling laus på verda, men framleis har ingen fanklubb blitt oppretta, framleis held snittlengda til ein black metal-komposisjon seg godt under femten minutt, framleis ser ein sjeldan så mange som to kvinner i band med uleselege horror-logoar. At Dead as Dreams ikkje har utløyst ein flaum av imitatorar og likelydande kan ha med utanommusikalske faktorar å gjere: San Fransisco ligg rett nok i eit område der jordskorpa er tilbøyeleg til å slå sprekker under påverknad frå skjulte, raudglødande regionar, men så lenge definisjonsmakta i sjangeren ligg gravlagd under seks fot nordisk permafrost vil "hailing from sunny California" vere mindre salsfremmande enn "True Norwegian Black Metal". Imagemessig er det heller ingen fordel at eit par av medlemmane snarare enn å vanke i det uheilage miljøet rundt Helvete har tilknytning til Drag City og Kill Rock Stars, medan trommisen heiter Lil' Sunshine og selskapet dei skreiv kontrakt med blei danna for å gi ut platene til eit koseleg amerikansk alt. country-band. Det er derimot ikkje noko gale med haldningane: vokalist og sjefsideolog John Gossard sin opphavelege plan for utgjevinga av Weakling sitt einaste album var å grave ned cd-ane ulike stadar på planeten og legge ved kart i dei tomme covera; ein seinare idé var å gi ut plata i eit avgrensa opplag på eitt eksemplar. Om vi skal glede oss over at begge gjekk i vasken er eit ope spørsmål.

I skogen av panegyrikk som omgir Dead As Dreams vil ein ofte snuble over ord som avantgarde og referansar til sentrale figurar innan droning, minimalisme og monotoni, men i røynda har mykje av det som blir framheva som unikt for Weakling forlengst blitt spikra fast av heilt sentrale verk i svartmetallen sin eigen kanon. Ein treng til dømes ikkje gå til Steve Reich for å finne parallellar til dei hypnotiserande partia på Dead as Dreams: repetisjon og uniformitet var einerådande prinsipp for Darkthrone anno sjangerbautaen Transilvanian Hunger, og sjølv om Weakling avsluttar tittelsporet ved å spele den same akkorden i tre strake minutt, er dei aldri i nærleiken av å gjere dette til ein gjennomført estetikk.

Kva som eventuelt skulle vere avantgardistisk ved Weakling er også vanskeleg å få auge på. Andre black metal-band som har blitt merkelappen til del har i det minste operert med djupt originale riff, rytmer og vokalteknikkar (Ved Buens Ende) eller gått fullstendig bananas i sjangerbiblioteket (Dødheimsgard); Dead as Dreams, derimot, held seg for det meste trygt innanfor diverse metal-tradisjonar. Hovudtyngda ligg på relativt generiske (men briljante) black metal-progresjonar av det melodiske slaget, vokalen har ein distinkt smak av Varg Vikernes, og om synthen er revolusjonerande er det i så fall berre fordi den er så diskré at det knapt er mogleg å skilje den ut som eit eige instrument, den er snarare ei usynleg kraft som formar vage melodiar av diskanten frå gitarane og cymbalane. Her er stunder der Weakling snirklar seg over i andre forgreiningar av metal-treet eller gir seg ut på oppbyggingar som både melodisk og strukturelt kan minne om Godspeed You Black Emperor! og likesinna, men dei står aldri i fare for å ryste grunnvollane til sjangeren; sjølv det melankolske pianospelet i opninga av tittelsporet blir torturert av ein gitar som heile tida er millimeter frå å eksplodere inn i meir metalliske former, og som til slutt gjer nettopp det.

Uttrykksregisteret til svartmetallen er relativt eindimensjonalt. I den eine enden av skalaen finn vi plater som imploderer til singularitetar av hat og sakn, der blastbeats og tremoloriff flyt i hop og stivnar til iskalde overflater utan dei minste spor etter den pulserande musklaturen som har skapt dei (Transilvanian Hunger er kroneksempelet). I den motsette enden, der Dead as Dreams må plasserast, er energien retta utover og i alle retningar, det finst ingen kontroll eller totaliserande formlar, berre manisk livsvilje. Weakling kan sy saman kvarterlange songar av eit halvt dusin parti utan anna slektskap enn det kronologiske, eller slenge frå seg eit riff berre for å plukke det opp att som ei halvfull whiskyflaske ti minutt seinare; dei hengir seg totalt til det dei til ei kvar tid held på med, men kan gå leie og kaste det frå seg på eit sekunds varsel. Dead as Dreams varer i meir enn syttifem minutt og sluttar kanskje berre fordi lagringsmediet ikkje har plass til meir -- det er i alle fall ikkje kreativiteten eller energien til Weakling som set grenser. Som hyla til John Gossard har Dead as Dreams tilsynelatande ingen annan funksjon enn å formidle at avsendaren er i live og har lyst til å hyle.

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Gerd og Otto - Et Luftslott på Månen - Kapittel 1: 1934-1948

(Normann)

En forbilledlig presentasjon og en bauta over Otto Nielsens talenter som låtsmed.

Flere:

Pink Mountaintops - Outside Love
William Hut - Versus the End of Fashion Park