cover

You're An Animal

Death By Unga Bunga

CD (2013) - Jansen Plateproduksjon

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Garasjerock / Psykedelia / Rhythm & blues

Spor:
Stare At The Sun
Lesson Learned The Hard Way
How Far Can I Go
Nothing To Lose
Tambourine
Suspicion
Getaway
You're An Animal
I'm Not The One
Open Your Eyes
Abba

Referanser:
The Sonics
The Troggs
The Hollies
Easybeats
The Paragons
The Mummies
Cosmic Dropouts
Major Maraccas
The Yum Yums

Vis flere data

Se også:
Juvenile Jungle - Death By Unga Bunga (2010)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Groovy greier

Fulle av energi, sjarm og melodisk autoritet dansar dei ut av garasjen, og naglar si beste plate til no.

Dei kan nok neppe kallast nyoppdaga desse tonane som You're An Animal er laga av. Ein tanke slo meg då eg hadde høyrt gjennom plata eit par gonger, at dette er jo ei slik ei eg kunne ha funne i ei hylle merka Nuggets i ei gammal platesjappe i Berwick street. Eg ser ikkje bort frå at eg hadde snappa den med meg heller. Noko eg i ettertid nok ikkje hadde angra på.

1966 og åra der omkring har av årsaker eg ikkje kjenner detaljane i sett sine spor i det meste den unge Mossekvintetten Death By Unga Bunga foretar seg. Rock med usvikelig melodiøsitet, fyndige refreng, røffe riff, og eit tett driv gjer seg til kjenne i låt etter låt på det som er deira tredje album på like mange år. Dei får det til å låte som om slikt er det mest naturlige i verden å drive på med i 2013. Det gjer meg ikkje det spor irritert.

No er det ikkje sensasjonelt at slikt som dette kjem drivande utav Moss. Eg kan minnast at byen på det seine åttitalet og tidlege nittitalet hadde atskilleg med liknande saker å by på. Rundt det legendariske plateselskapet That's Entertainment gjorde namn som Major Maraccas, Heyday, Arne Hansen & The Guitarspellers, og ikkje minst The Cosmic Dropouts seg gjeldande. Sistnemnte sin Groovy Things må vel kunne karakteriserast som ein aldri så liten norsk garasjerock-klassikar.

Death By Unga Bunga gjer ikkje skam på denne arven, og med You're An Animal spelar dei ut sitt sterkaste kort så langt i karrieren. I eit sonisk bilde som er noko meir raffinert og reingjort enn det vi kjenner frå dei mest inngrodde garasjeaktene byr bandet på låtar som ganske så umiddelbart bit seg fast. Og som ikkje viser særlig med teikn på å ville sleppe taket. Ein bra eigenskap det, i denne samanhengen i alle fall.

Ein heiter Nothing To Lose, og er både fengande, ivrig og heit. Ein annan heiter Lesson Learned The Hard Way, og om lag det same kan vel seiast om den. På det viset kunne eg for så vidt halde fram plata til endes. Spekteret låtane boltrar seg innafor er ikkje av det vidstrakte slaget. Utan at dei endar opp med å forsvinne inn i kvarandre av den grunn, dei er for gode til det.

Eit psykedelisk element dukkar forresten opp både her og der. Mellom riff som røskar og eit suggererande groove i How Far Can I Go. I putrande former når den einaste balladen, I'm Not The One, flyt forbi. Og i ein rett så popsveisen fasong i Stare At the Sun. Andre stader høyrer eg soulfakter. I det begjærtunge tittelkuttet. Men i aller sterkast grad i det funky og blåsarheftige nummeret Suspicion.

Når det kjem til tekst og tema går ikkje kvintetten djupt til verks. Det handlar om å elske og å ikkje elske, om å bli elska eller ikkje lenger å bli elska. Eg høyrer lystne og prisande formuleringar, og eg høyrer songaren snerre og bite. Eg høyrer ein invitasjon om å komme og "stare at the sun with me", og eg høyrer mistruiske spørsmål som "who need a girl when the girl is you?". Og så syng dei om Abba. Ikkje om eit svensk popband, men om ei vakker kvinne. I ein song dei verkelig har plukka opp frå det herrens år 1966. For det var det året den vart laga og framført av det ikkje spesielt vidkjente North Carolina-bandet The Paragons. Fullt ut fengande og elskverdig er den også.

Så endå ei takk til tiåret som aldri blir utdatert, og til Death By Unga Bunga for å sette sitt friske 2013-stempel på det.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo