cover

Damaged

Lambchop

CD (2006) - City Slang / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Country / Soul / Folk / Pop / Lounge / Jazzpop

Spor:
Paperback Bible
Prepared (2)
The Rise And Fall of the Letter P
A Day Without Glasses
Beers Before the Barbican
I Would Have Waited Here All Day
Crackers
Fear
Short
The Decline of Country and Western Civilization

Referanser:
Tindersticks

Vis flere data

Se også:
Nixon - Lambchop (2000)
How I Quit Smoking - Lambchop (1996)
Is a Woman - Lambchop (2002)
Is a Woman - Lambchop (2002)
Tools In the Dryer - Lambchop (2001)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ikkje heilt øydelagt

Dei trakkar i kjente spor, men dei gjer det stort sett med inspirerte steg.

Det er ein song på Lambchop si siste plate som heiter Prepared (2), (2-talet er der fordi eit tidlegare utkast av låta fronta ein EP Lambchop gav ut i samarbeid med electronica-duoen Hands of Cuba i 2005). Det er ein av dei vakraste songane eg har høyrt på lenge. Her snakkar vi sakteflytande tonekombinasjonar av stor nåde. Jazzblå pianotonar blir til sakte trillande pianotonar, strykarar deggar i bakgrunnen, og Kurt Wagner har sannsynlegvis gurgla halsen med ei soulbalsamerande væske før han gjorde seg i kast med songen. "She was standing by her mirror, brushing out her curls and braids, that evening had arranged the night before".

Det er morgon, det er ho og han, ting har skjedd, ting som kanskje ikkje burde ha skjedd. Ord blir sagt og ord blir ikkje sagt. Situasjonen er spent, kjensler er utfordra. Begge ber på ei skuld, begge er krenka. Undervegs lettar trykket. Det kjem ei innrømming. Det dukkar opp eit smil. Det skjer ei tilnærming, men når hovudpersonen i siste linje vender situasjonen ryggen er han "only partially prepared" på ei fullstendig gjenoppretting.

Med ordknapp presisjon skildrar Wagner ei scene som skaper sinnbilde hos lyttaren langt utover dei artikulerte linjene. Det er vel i slike tilfelle vi pleier komme dragande med Raymond Carver, eller kanskje Kjell Askildsen. Det er i slike tilfelle ein kanskje heller burde halde kjeft, og latt den Lambchopske countrysoul tale i fred. Eg trur Prepared (2) plasserar seg veldig nær toppen på lista over dei flottaste Lambchop-songane. Og eg trur Stuart Staples og Eddie Hinton hadde likt å synge den.

Det er ni songar til på Lambchop si siste plate. Eg trur ikkje du skal førebu deg på at dei vil gjere eit fullt så uutslettelig inntrykk. Dei held seg alle greitt innafor rammene av dei modererte gråblåe Lambchopske termar. Eit fleirtal finn seg der ein tematisk plett Wagner & co ikkje har forska heilt ferdig ved tidlegare høve, og vekker absolutt interesse. Nokre få tippar over mot det litt vel stilleståande, og glir nærast umerkelig inn i anonymiteten sin grå skog. Det siste er ikkje ei vanlig hending på dei beste Lambchop-albuma. Så, hrmf, derfor høyrer ikkje Damaged til blant dei beste heller.

I tida som har gått etter den motige og, i Lambchop-målestokk, mangefasetterte dobbelutgjevinga Aw C'mon/No You C'mon (2004), har Kurt Wagner vore gjennom dramatiske hendingar på det private plan. Ein svulst i kjevepartiet førte til at han måtte gjennom omfattande kirurgiske inngrep, og som tilleggsplage greip ein uregjerlig kreftangst tak i han. Rundt han blei venner sjuke, litt lenger vekke registrerte han orkanar komme kastande og såg landsmenn dra til Bagdad for å krige. Eit mørkt tungsinn senka seg nedover Kurt Wagner sitt hovud.

Nå har det vel ikkje vore dei lystige funderingar som har danna sentrallinja i tidlegare Lambchop-framstøyt heller. Men der det før i stor grad har vore eit element av distanse, av å sjå saker frå utsida, av observasjon, er tekstane denne gongen i all hovudsak skriven i eg-form. Det er likevel ingen no-synst-eg-skrekkelig-synd-på–meg-sjølv haldning som trer fram. Det er tekstar som, sjølv om dei kjem frå eit skjelvande hjerte, ikkje nødvendigvis talar handgripelig om kjernen i problemet, sjukdomen. Wagner er framleis kar for å mystifisere og å bringe utanforliggande element på banen. Så derfor lurte kona hans på, første gong ho høyrte plata, om Kurt hadde djupliggande ekteskapelig trøbbel han av ein eller annan grunn ikkje hadde gjort kjent for henne. Noko han avkrefta både overfor henne og har gjentatt til nyfikne journalistar i seinare intervju.

"Here's a little story 'bout regret, doesn't have an ending, it's not finished yet".

Slik lyder dei første linjene i den skjøre men like fullt velbygde Short, og illustrerer litt av essensen både i denne låta og deler av Damaged. For det er berre eit avsnitt i ein lengre historie kalla livet dette her, og det er ikkje siste avsnitt. Så å dra konklusjonar og finne forklaringar er ikkje Wagner sitt gebet denne gongen heller. Det vil det vel aldri bli. Han er meir grublaren og spørsmålstillaren som snur saka opp ned. Ein kar som aldri syslar med dei store og pompøse tankar. Ein småtinga, episodane og trivialitetane sin talsmann. Han er fyren som kan skrive ned ytringar frå eit radioprogram der folk sel og kjøper brukte ting, for så å gjere det om til ein song, kalle den Paperback Bible, og utan å ha pretensjonar om noko som helst, skildre tilværet og tinga sitt flyktige vesen på eit ganske så høvelig vis.

Eg har den ideen at Wagner er ein rett så likandes kar. Trur like fullt ikkje eg ville vore i same rom som han når han hadde det slik han skildrar i nokre av låtane på Damaged. Ikkje når han drar angsten sin ut til lufting i den intrikate Fear, eller når han hevdar å ville lage eggerøre av sine og partnaren sine kjensler i A Day Without Glasses. Men å lytte til dei i godstolen heime gjer eg gjerne.

Frå ein litt meir oppreist stilling tar eg også vel imot Wagner når han i The Decline of Country and Western Civilization proklamerar sitt hat til Nathan Bedford Forrest ("the featured artist in the devil's chorus"). Under den amerikanske borgarkrigen; ein djevelsk sørstatsgeneral. Seinare; ein av frontfigurane i Ku Klux Klan. No er det langt frå berre Forrest som er tema i denne, i særklasse mest støyande, vindskeive og rotlause av Damaged sine låtar. Innimellom den stadig tilbakevendande linja "damn they're looking ugly to me", ser Wagner med ein god dose galgenhumor i blikket inn i sin eigen angst. Og han trakkar sikkert på eindel indiefan sine skjøre tær når han nokså freidig hevdar å foretrekke den gamle smørsongaren og skodespelaren Jim Nabors framfor "your pitchfork I-rock saviors".

Joda, han er nok stadig noko for seg sjølv denne Kurt Wagner. Kameraten og innspelingsansvarleg Mark Nevers overtala han i fjor til å skrive ei låt for eit album han skulle produsere for soul-legenda Candi Staton. Wagner kom då opp med I Would Have Waited Here All Day, ein song om ei kvinne som går heime i ein grå kvardag og steller for, og ventar på, mannen sin. Nevers presenterte aldri songen for Staton. Sannsynlegvis på grunn av linja "you're dripping wet from a midday shower, soon you'll be drying off your dick". Så Wagner syng den sjølv han. Frå kvinna sitt perspektiv. Varleg souldampande og utsøkt.

Eg hevda visst ein eller annan stad oppi her at Damaged ikkje høyrer med til dei beste Lambchop-platene. Vel fanden og, gjett om eg ikkje er blitt glad i den likevel, veldig glad i den. Årets beste femmar.

comments powered by Disqus

 



Erlend
2006-09-17Endelig

Endelig en som skjønner Lambchops fantastiske verden! En fryd å lese anmeldelsene her, fortsett med samme stil.
For en som ble hekta på lambchop etter is a woman og nixon, er det som en pakkefylt julaften og bursdag på en gang når jeg åpner et nytt lambchop album. Gleder meg til å bli kjent med damaged nå!

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo