cover

Rainy Day Music

The Jayhawks

2 x CD (2003) - American Recordings / Lost Highway / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Countryrock / Americana

Spor:
Stumbling Through The Dark
Tailspin
All the Right Reasons
Save It For a Rainy Day
Eyes of Sarahjane
One Man's Problem
Don't Let the World Get In Your Way
Come to the River
Angelyne
Madman
You Look So Young
Tampa to Tulsa
Will I See You In Heaven
Stumbling Through The Dark (Reprise)


Fools On Parade
Say Your Prayers
All the Right Reasons
Caught With a Smile On My Face
Tampa to Tulsa (akustisk)
Waiting for The Sun (akustisk, live)

Referanser:
The Byrds
Crosby, Stills, Nash & Young
The Everly Brothers
The Eagles

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Gamle trakter

Louris & co med god hjelp frå Jakob Dylan, Stephen McCarthy og Matthew Sweet.

Etter å ha spelt saman sidan midten av 80-talet, var det først med country-rock opuset Hollywood Town Hall (1992) at The Jayhawks meldte seg på for alvor. Ved å hente inspirasjon frå blant andre Flying Burrito Bros, The Band og Neil Young, lage eit knippe innbydande låtar for så å krydra det med frisk og eigenarta harmonisang, presterte dei å lage eit av det tidlige 90-talets beste album.

Då Mark Olson (som saman med Gary Louris var den fremste kreative kraften i bandet) forlot The Jayhawks på midten av 90-talet, like etter utgjevinga av Tomorrow the Green Grass, valte bandet å søkje seg noko bort frå country-rocken. På Sound of Lies var gitarane skarpare kvesst, musikken og ytringane var beiskare, det var tydelig at dei hadde eit behov for å få ut litt gruff. Smile som kom tre år seinare var ein ganske polert popaffære, definitivt litt meir enn ein dagstur unna den organiske lyden bandet først gjorde seg bemerka med.

På Rainy Day Music, The Jayhawks sitt sjuande album, søkjer dei tilbake mot gamle trakter. For nå er det melodien og den enkle produksjonen som gjeld. Gitar (mykje akustisk), trommer og bass står i sentrum, men får hjelp av andre lydkjelder der det skulle vere bruk for. På turen tilbake har dei tatt med seg popfølelsen, slik at det som flommar ut av høgtalarane nok er meir pop enn det er country. Og tonane vi får høyre er velkjente, for dette er eit band som ikkje har trakka så mykje rundt i ukjent terreng, dei har heller halde til på oppgådde stiar, og prøvd å lage sin eigen signatur på inspirasjonen dei har funne der.

Når dei første akkordane i åpningssporet Stumbling Through the Dark treff meg, er eg kjapt opp med handa og ropar; The Byrds, The Byrds. Og meir skal det bli, for The Byrds-inspirasjonen er også sterkt tilstades i neste kutt Tailspin. All the Right Reasons og Save It For a Rainy Day følgjer, og om det er Crosby, Stills, Nash & Young eller The Hollies eller andre som har inspirert låtane kan egentlig være det samme, for det viktige er at dette er flott. Fire låtar er unnagjort på tolv minuttar og det er "Pure pop for now people" (som Nick Lowe ein gong så elegant formulerte det).

Den fine countrysoul låta Eyes of Sarahjane står for tur, den er og første eksempel på at countryrock-inspirasjonen denne gong er meir Eagles enn Burrito. Etterkvart lyt vi tåle at det dukkar opp svakare og meir ufokuserte melodiar. Først og fremst representert med to spor signert Tim O'Reagen, men og eit par av Gary Louris sine bidrag held ikkje heilt mål. Dette gjeld så avgjort ikkje den groovy folk-pop saken Come to the River, og i endå mindre grad nydelige Angelyne som med sine trekkspeltonar får eit svakt slør av tex-mex over seg.

Nevnast skal det og at Stephen McCarthy, som er mest kjent frå det legendariske (litt, i alle fall) Paisley Underground-bandet Long Ryders, er med på steel gitar og harmonivokal. Det er for øvrig fleire solide navn med og yte litt vokalhjelp her; Matthew Sweet (som og står oppført som medkomponist på Stumbling Through the Dark), Chris Stills og Jacob Dylan. Dei gjer seg på ingen måte bort, for på denne som på alle Jayhawks plater er det harmonisangen som utgjer det lille ekstra.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo