cover

Cold Roses

Ryan Adams

2 x CD (2005) - Lost Highway / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Americana / Poprock / Folk

Spor:
Magnolia Mountain
Sweet Illusions
Meadowlake Street
When Will You Come Back Home?
Beautiful Sorta
Now That You're Gone
Cherry Lane
Mockingbird
How Do You Keep Love Alive


Easy Plateau
Let It Ride
Rosebud
Cold Roses
If I Am a Stranger
Dance All Night
Blossom
Life Is Beautiful
Friends

Referanser:
Whiskeytown
Gram Parsons
The Grateful Dead
The Band
Neil Young
Jackson Browne
The Eagles

Vis flere data

Se også:
Gold - Ryan Adams (2001)
Heartbreaker - Ryan Adams (2000)
Demolition - Ryan Adams (2002)
Demolition - Ryan Adams (2002)
Rock'n'Roll - Ryan Adams (2003)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


På sporet av tapte tonar

Med denne doble buketten byrjar Ryan Adams såvidt å snuse på Heartbreaker-nivå igjen.

Dei fleste som har uttalt seg (underteikna inkludert) er einige om at Whiskeytown-plata Stranger's Almanac (1997) samt solodebuten Heartbreaker (2000) er dei to store i Ryan Adams sin albumkatalog. I etterkant av Heartbreaker fekk han platekontrakt med Universal sitt underbruk Lost Highway, og skulle bli det heilt store. Først kom Gold (2001), ei ambisiøs men frustrerande ujamn oppleving. Etter eigne utsegn skreiv han no ei ny låt sånn cirka kvar halvtime. Og ikkje så mange månadane etter at Gold var i hyllene hevda Adams å ha spelt inn nok materiale til fem nye album. Demolition (2002) var ei "best of" utgjeving av alt dette, og samstundes eit prov på at Adams nok hadde meir fokus mot kvantitet enn kvalitet. Desse nedturane var likevel berre forsmaken. I 2003 dukka han opp med det forserte og totalt meloditomme albumet Rock'n'Roll. Når så den doble EPen Love Is Hell (2003) viste seg å ikkje vere særleg betre konkluderte eg med at mannen hadde gjort sitt. Amen.

Vel, det finst visst eit liv etter døden likevel. Med Cold Roses har Adams kreka seg tilbake til den livgjevande kjelda der dei skarpe tonane putrar rundt. Her har han supt i seg nok næring til å stavre ei bra plate på beina. Ikkje på nivå med Heartbreaker eller Stranger's Almanac, men i kvalitet og tone ikkje så fjernt frå Whiskeytown sin svanesong Pneumonia (2001).

Han prøver ikkje eit einaste sekund å vere nyskapande, eller å legge skjul på kor han hentar inspirasjonen sin frå. Snarare tvert i mot. Utan blygsel har han laga eit dobbeltalbum som i utforming minnar om slike dei gjorde for over tretti år sidan. Delikat utbrettcover og ei samla speletid som CD-alderen kunne fått inn på ei plate. Midt på coveret er det ei rose. Den minnar meg om det gamle ærverdige Grateful Dead-albumet American Beauty. Første sporet på plata heiter Magnolia Mountain, på nemnte Dead-album finn vi Super Magnolia. Heilt sikkert ikkje slumpetreff. Når vi så byrjar å gå låtane nærare inn på livet høyrer vi det også, Adams har plassert seg i 1970-området, og det i endå sterkare grad enn tidlegare. Dead, Stones, Parsons, Young, The Band, men også mjukare tiltak som Jackson Browne og The Eagles er alle rollemodellar for desse tonane.

Med seg har han eit band døypt The Cardinals. Fire musikarar (to kvinner, to menn) som med passe slark i svingane bidrar til å gjere dette til ei upretensiøs tildraging. Adams har lagt til side alle ambisjonar om å vere "the it-kid", den tøffaste guten i countryrock klassen eller det bøllete talentet. I demokratisk ånd har han til og med delt låtskrivarkrediteringa med heile bandet.

Så var det dette med dobbeltalbum og atten låtar (pluss eit bonusspor) då. Det vanlegaste utsegnet i omtalar av slikt er jo at dette kunne blitt eit strålande enkeltalbum. Cold Roses har så definitivt sine spor ein etterkvart velgjer å skippe. Har likevel ikkje tru på at plata hadde blitt betre med å sette Adams til å redigere den. Hans vurderingsevner når det gjeld eige material er det jo god grunn til å ikkje stole på.

Han hadde nok tatt med nemnte Magnolia Mountain. Opningssporet som så ledig stampar seg mot melodiske høgder. Det same gjeld sporet som opnar plate to Easy Plateau. Ein vakker folkrock sak (- og aldri var lyden av ein steelgitar så skimrande, - og aldri var Grateful Dead så nær). Adams syng med inderleg røyst om lengselen mot denne rolege staden der han kan få kvile. Eit ganske så identisk tema tar forresten Magnolia Mountain føre seg også.

Nesten like sterke er dei to låtane som avsluttar dei respektive platene. How Do You Keep Love Alive og Friends. Begge er dei pianodanderte balladar av skjøre, nære, dirrande og ektefølte kvalitetar. Den første handlar om sakn og djup fortviling ("what does it mean to be so sad"), den andre skildrar det sørgjelege faktum at alt som er eller gjer godt tar slutt ein gong (kan ein tolke inn Adams sin fascinasjon for TV-serien Friends her tru?). I kategorien nennsam held også Rosebud og Blossom seg med fine tonar. Spesielt sistnemnte, der den driv av garde i karakteristisk men flott countrydrakt, før den effektfullt og styrkande møter eit refreng som kontrar uttrykket over i popcabaret lende. Styrkande er også tittelkuttet med sitt litt meir enn botaniske fellesskap til Stones-låta Dead Flowers, sine Drivin 'n' Cryin' tangeringar, og sine lett psykedeliserte små utflukter.

På det lyriske plan held han seg til mellommenneskelige utfordringar, der den tapte kjærleiken oftast er i sentrum. Lite har endra seg på dette feltet, med andre ord. Greitt det, men mannen bør kanskje byrje å fornye metafor og bilete repertoaret sitt litegrann. Han har absolutt ein del småfint føre seg, men her er ikkje mange formuleringar av særleg innovativt merke.

Eg har sett nokon utrope Cold Roses til eit meisterverk. Eg har sett andre konkludere med at Ryan Adams nærast er blitt ein parodi på seg sjølv. Begge påstandar er i drygaste laget. Cold Roses revolusjonerer ikkje, den har sine små skavanker, men er alt i alt eit solid stykke countrytona musikk.

comments powered by Disqus

 



Marius
2005-06-06Magnolia Mountain

Ryan har selv uttalt (hvor mye man skal legge vekt på det er jo usikkert..) at Magnolia Mountain handler om en pornostjerne... Låta får jo da en helt ny mening. Jeg tror Ryan er smartere enn det folk flest mener. Gå litt dypere enn å tro at Adams er blitt en alkoholisert botaniker. Et album for fansen, kanskje det, men likeså, et musikalsk mesterverk i forhold andre utgivelser nå om dagen. Just my 2 cents...

Flemming Vilbo Hansen
2006-03-29lytting over lengre tid

Jeg har hørt på Cold Roses i underkant av et år nå og det blir bare bedre og bedre. Cold Roses for meg tok lang tid å bli vant til, men når det først kom så slapp det aldri taket. Jeg vil ikke si at dette er et mesterverk, men **** så bra!!!

Artikler, nyheter


Torgeir Waldemar: Natta, tankane og morgondagen

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast...

Groovissimo


Torgeir Waldemar - Torgeir Waldemar

(Vestkyst)

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast.

Tidligere:

Ought - More Than Any Other Day