cover

Sean-Nós Nua

Sinéad O'Connor

CD (2002) - Hummingbird

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folk

Spor:
Peggy Gordon
Her Mantle So Green
Lord Franklin
The Singing Bird
Oro Se Do Bheata 'Bhaile
Molly Malone
Paddy's Lament
The Moorlough Shore
The Parting Glass
Baidin Fheilimi
My Lagan Love
Lord Baker
I'll Tell Me Ma

Referanser:
The Chieftains
The Corrs
The Cranberries
The Dubliners
Christy Moore

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Irsk triumf!

Sinead O' Connor syng irske folkeviser med sjel og autensitet.

Sinead O'Connor blir av mange avfeid som eit one-hit-wonder etter monstersuksessen med Nothing Compares To U frå slutten av 80-talet, og som ei rappkjefta pøbeljente som berre er ute etter å lage spetakkel av andre (kven hugsar ikkje den famøse episoden der hun reiv i stykker eit bilete av paven på direktesendt fjernsyn på 90-talet ein gong). Det er synd, for Sinead er så mykje meir enn det, og det er artisten og, ikkje minst, den fabelaktige tolkaren Sinead O'Connor me møter på denne utgjevinga.

Sean-Nos Nua er eit album som i sin heilskap består av irske folketonar. Ein kan seie at det er eit risikabelt prosjekt, for i dei seinare åra har det nærmast fløymt over av keltisk folkemusikk både via gamle veteranar som The Chieftains og The Dubliners, men også gjennom folk som The Corrs som har inkorporert folkemusikk i sitt uttrykk og den generelle Riverdance-feberen som sveipa over store delar av verda for nokre år attende. Spørsmålet blir soleis, treng me denne plata? Svaret er eit rungande ja!

Sinead O'Connor har levert eit album som både overraskar og snik seg innunder huda til lyttaren og verkeleg maktar å kapre merksemda. Dette er ikkje eit album ein vaskar opp til, det er eit album ein set seg ned og lyttar til. Det er eit høgst personleg album, eit album der Sinead O'Connor søker attende til kjeldene og røtene sine. Dette er musikken som fortel den tragiske historia til Irland og dei prøvingane innbyggarane der har vorte utsatte for. Det er soleis eit dokument over den irske folkesjela me har å gjere med her, og O'Connor handsamar materialet med ein stor porsjon audmjukheit og respekt. Samstundes tilfører ho nytt liv og nye element inn i desse gamle songane som gjer dei relevante og spennande for eit publikum i notida å lytte til.

Sean-Nós Nua opnar med Peggy Gordon, ei roleg ballade dreven av O'Connors klokkeklare stemme og lyriske gitarar og feler. Dette er eit av platas absolutte høgdepunkt og stakar ut kursen for resten. Her Mantle so Green følger opp med sin sorgmuntre melodi, og derifrå er det for det meste reinaste lystseilasen av vellyd med skikkeleg folkemusikkfot, der mandoliner, blikkfløyter, banjoar, dragspel, feler og gitarar er dei berande instrumenta. Noko av det som verkeleg er eit stort pluss med Sean-Nos Nua er at Sinead syng meir rett fram og mindre affektert enn det me har vore vane med, som til dømes på debuten The Lion and the Cobra . Dette fører til at vokalen hennes går rett i hjartet på lyttaren.

Albumets absolutte høgdepunkt er Paddy's Lament, om uheldige Paddy som utvandrar til Amerika for få eit betre liv, men endar opp som soldat i borgarkrigen der han blir krøpling. Melodien skiftar heile tida mellom dur og moll på ein veldig finurlig måte og arrangementet bygger seg opp heile vegen. Det er nesten som ein føler at ein er med på slagmarka når O'Connor verkeleg tek i på refrenget her. Veldig dyktig gjort. "I wish I was at home in dear, old Dublin" sluttar songen og det er umogleg å ikkje bli kjenslevar etter ei slik oppvisning. Andre desiderte høgdepunkt på plata er dei meir uptempo og radiovenlege The Singing Bird og My Lagan Love, som tydeleg har fått ei dose popbehandling av O'Connor og bandet hennar.

Eit interessant og veldig prisverdig element på denne plata er at Sinead O'Connor har inkludert to songar på gælisk, det gamle keltiske språket i Irland. Oro Se Do Bheata Bhaile og Baidin Fheilimi er flotte songar og gode avbrekk frå det engelskspråklege. Den førstnevnte er dessutan eit ganske overraskande møte, sidan låta liknar ganske mykje meir på indisk og aust-europeisk folkemusikk enn det me reknar for tradisjonell irsk musikk her heime på berget.

Fins det ikkje negative sider ved denne utgjevinga i det heile? Jo, det gjer det så absolutt, men særs lite av det har noko med Sinead O'Connor og hennar vokalinnsats å gjere. Det største ankepunktet ved Sean-Nos Nua er produksjonen. Nokon stader, spesielt på dei elles fabelaktige Peggy Gordon og Lord Franklin, blir vokalen nærmast drukna i ekko for å gjere dei meir "atmosfæriske". Dette er med på å dra ned heilskapsinntrykket av dette elles solide arbeidet. Sinead O'Connor og vokalistar av hennar kaliber treng ikkje å få stemma si "pynta" på den måten.

Det andre store ankepunktet er samarbeidet med den kjente irske folkesongaren Christy Moore på Lord Baker. På papiret burde dette vere eit fabelaktig samarbeid, men resultatet er veldig skuffande. Songen går ingen stader og den er altfor lang til å vere så monoton (nesten 12 minutt lang!). Det blir nærmast ein navlebeskuande affære der to autoritetar kjem i saman utan at kjemien stemmer og resultatet blir berre kjedeleg og intetsigande.

Sean-Nos Nua er likevel ein bauta i Sinead O'Connor sin vidtfemnande diskografi og er den klart beste plata ho har utgjeve. Det er ei fantastisk jamn plate der det er kort mellom høgdepunkta og berre nokre få nedturar. Kort og godt ein irsk triumf.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.