cover

Black Cadillac

Rosanne Cash

CD (2006) - Capitol / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Countryrock / Americana / Rock / Countrypop / Blues

Spor:
Black Cadillac
Radio Operator
I Was Watching You
Burn Down This Town
God Is in the Roses
House On the Lake
The World Unseen
Like Fugitives
Dreams Are Not My Home
Like a Wave
World Without Sound
Good Intent
0:71

Referanser:
Lucinda Williams
Emmylou Harris
Linda Ronstadt
Mary Chapin Carpenter
Carlene Carter

Vis flere data

Se også:
The River & The Thread - Rosanne Cash (2014)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Det store saknet

Ei dotter minnast og tar farvel, med velfunderte ord og sterke tonar.

"Eit kart - eit geografisk kart, eit åndelig kart, eit emosjonelt kart".

Slik omtalar Rosanne Cash sitt nyaste album i eit intervju med New York Times. Det er eit kart ho har rissa opp av pur naudsyn. For å heidre, for å minnast, for å føle, for å sjå, og for å kunne starte på den neste etappen.

15. mai 2003 døydde June Carter Cash. 12. september 2003 døydde Johnny Cash. 24. mai 2005 døydde Vivian Liberto Cash Distin. Rosanne sin stemor, far og mor. Black Cadillac handlar om saknet og om sorga, om minna og om livet etterpå. Den handlar om handfaste stader og verkelige hendingar, om draumar og uhandterlige opplevingar, og om kjærleiken.

Privat og navleskodande, vil kanskje ein del tenke. Ikkje når Rosanne gjer det. Ikkje når ho song om si eiga skilsmisse på albumet Interiors i 1990, og ikkje no. For sjølv om familien er nær og kjenslene inderlige, blir det aldri utleverande eller sentimentalt. Til det er Rosanne ein altfor god låtskrivar. Ho formulerer seg og handsamar orda på kløktig vis. Ho seier ikkje for mykje. Det blir skapt bilete, og det blir nytta talande metaforar. Det lever og gror mykje mellom linjene, og i det usagte. Det handlar definitivt om hennar familie, men kunne også ha handla om veldig mange andre familiar.

"Rosanne, say c'mon". Tre sekundar av eit femti år gamalt opptak. Ein far kommuniserar med si vesle dotter. Band blir knytt. Det er det første vi får høyre når vi set plata i gang. Det neste er ein barsk ubønnhørlig Massive Attack-slekta bassgang. Tittelkuttet er på veg, og vi blir ført inn i den andre enden av livet. I følgje Rosanne skreiv ho denne låta seks veker før det første dødsfallet. Spooky. I ei reinskoren og minimalistisk språkdrakt fører Rosanne oss inn i eit mørkt bilete. I bakgrunnen rullar ein svart Cadillac, og det er gravferd. "It's a lonely world, I guess it always was, minus you, minus blood, my blood". Gitarmønsteret er like enkelt som det er effektivt. Ein trompet kjem på ei sordinert vitjing, og eit orgel trenger seg på i siste fase. Ein blir sogen inn, det er ikkje til å unngå. Ein vil ikkje ut att, for her er det vakkert. Vakkert, eldfullt og nådelaust.

Det fantastiske er at det finst fleire songar på dette albumet som kallar fram liknande kjensler. Den pianoleidde countryballaden I Was Watching You er ein av dei. Veldig ein av dei. Tre vers, tre perpektiv, femti år. I det første verset ser ho sine kommande foreldre på bryllaupsreise mot Texas med "Hank Williams on the radio". Det påfylgjande refrenget fortel at "long before life, there was love". I det andre verset ser ho faren reise frå henne, søstrene og mora; "you never came back, but I know you tried". Refrenget trøystar, "when it falls apart, there is love". I det tredje verset er faren død, men ho kan høyre han synge i det avsluttande refrenget; "long after life, there is love".

Halvparten av låtane er spelt inn i New York, med Rosanne Cash sin ektemann John Leventhal som produsent-ansvarleg. Den andre halvparten er spelt inn i Los Angeles, og her er det Bill Bottrell (Tom Petty, David Baerwald, Sheryl Crow, Shelby Lynne) som har hatt styringa på knottane. Begge dei to låtane eg har nemnt så langt er frå LA-seansen. Der vart God Is in the Roses også spelt inn. Ei nennsam vise som vert trilla i gang og runda av med velklingande piano-tonar, men som elles lever blant akustiske strenger og smidig rytmikk. Sårt og sjeldsynt vakkert om sakn og smerte;

The sun is on the cemetery,
leaves are on the stones,
there never was a place on earth,
that felt so much like home,
we're falling like the velvet petals,
we're bleeding and we're torn
God is in the roses
and the thorns.

Benmont Tench (kjent frå Tom Petty sitt Heartbreakers, og som tangent-traktør på eit uttal innspelingar) er med både på New York og Los Angeles seansen. Frå sistnemnte er det særlig piano-arbeidet hans ein legg merke til. Tre er nemnt, den fjerde heiter The World Unseen. Ein blå ballade, der pianoet konsulterar ein jazzig akkord og fem, medan ein mutert gitar lever i bakgrunnen. Faren er kanskje ikkje i nærleiken lenger, men ånda hans er ikkje langt unna. Så derfor:

I will look for you in Memphis and the miles between,
I will look for you in morphine and in dreams,
I will look for you in the rhythm of my bloodstream,
westward leading, still proceeding,
to the world unseen.

Rosanne har nok eit litt meir reservert forhold til det gudfryktige enn kva faren hadde. I alle fall fornektar ho religionen og alt dens vesen i ganske så kraftige ordelag i den stridige og smått trippy countryrockaren Like Fugitives; "I don't want your tired religion, I’m not a soul you need to save". I ein song som verkar å vere skriven like etter mora sin død kjem ho også med utfall mot skruppellause advokatar, og den tomme "sanninga" på TV-skjermen.

I den småfunky poplåta Dreams Are Not My Home er det draumane ho vil til livs. For Rosanne vil "live inside the world" og "act like a real girl". Ein anar nok ein kritikk mot kristendommen her også, særlig i fiffige fintar som "the spires of churches, are the last place to enjoy the view". Siste dose med avstandtaking til kristendommen kjem i det brassdampande og bluesy nummeret World Without Sound. Her er problemstillinga kven ein skal lite på. Kanskje det hadde vore lettare om ein hadde masse pengar, budde i Paris, eller var John Lennon. Eller kanskje om ein var kristen? Trur ikkje det nei, for; "I cannot believe, cause no one in the Bible craves my company".

Dette er også ei tid for å søke mot sine røter. I den dirrande countryblues-låta House On The Lake er Rosanne på ei reise mot sør; "back to the place where I was born, back to my Southern home". Og i den avsluttande og varlege visa The Good Intent tar ho oss med heilt tilbake til då den fyrste Cash ankom landet, frå fattige skotske kår med eit håp om å kunne "love this Arkansas".

I desse dagar då filmen om Johnny Cash går sin Oscar-nominerte seiersgang frå Hollywood til Brisbane, kunne det kanskje også vere greitt å få med seg ein litt anna versjon. Ein nærare og meir ekte ein. Levert av ei stemme som er arvelig belasta når det kjem til det å vere varm og myndig.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo