cover

Dråm

Anna Rynefors & Erik Ask-Upmark

CD (2005) - Nordic Tradition

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Folkemusikk

Stiler:
Drone / Folk

Spor:
Kringellek
Trilltrall
Fransosen
A-mollarn
Skebergslåten
Sporren
Brudmarsch
Polonasfrossa
Springlek
Eddi o Addi
Valltrall
Stabblåten
Efter dansen
Seglora

Referanser:
Flukt
Majorstuen
Blåmann Blåmann
Annbjørg Lien
Falsobordone

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Midt på treet

Dråm er ei interessant plate, med ein finurleg tanke bak, men blir litt for langtrukken og monoton til verkeleg å fenge.

Når ein lyttar til Anna Rynefors og Erik Ask-Upmarks Dråm slår det ein at svensk folkemusikk har eit ganske ulikt utgangspunkt i høve til norsk folkemusikk. På mange måtar gjev det seg utslag i instrumenteringa, ein brukar mellom anna nøkkelharpe, sekkepiper, fløyter og harper meir enn det me gjer. Ein kan også merke at melodiane har ein flatare struktur, det vil seie at dei er meir like det popmusikalske rytmemønsteret 4/4-takt, enn den norske folkemusikken, som er ganske så mykje meir innfløkt.

Likevel, melodiane som blir presenterte på dette albumet vil vere interessante for folk med fot for skandinavisk folkemusikk. Det kviler ein melankolsk stemning over plata, noko som gjer at ein blir gripen ved einskilde høve. Det er ingen tvil om at musikarane er utruleg dyktige og evnar å få utrulege ting ut av instrumenta sine.

Ideen på plata, som tittelen skulle tilseie, er å presentere såkalla dronemusikk. Det vil seie at under melodistemmene ligg der ein einskild tone som går gjennom heile songen uten å endrast. Dette skaper ein slags hypnotisk stemning i all sin monotoni som einskilde stader er ganske så spennande. Ein fin ting med dette albumet i så måte er at det viser oss at ein ikkje treng mange fancy akkordar for å lage spennande musikk. Nokon gonger er det nok med ein grunntone som ein kan legge ting oppå.

Dei tre første songane på albumet, og særskilt den andre songen (Trilltrall) er vellukka døme på nettopp dette. Etter mi meining er dette dei sterkaste spora på albumet. Her let plata frisk og spennande og ein blir imponert over instrumentering og, ikkje minst, kva Rynefors og Ask-Upmark gjer med sine respektive instrument. Diverre varer ikkje denne positive trenden heile plata i gjennom. Songane og framføringane er i og for seg gode, men det heile blir i overkant monotont og likt. Ein saknar litt større variasjon og meir framdrift. Plata går, på mange måtar, frå å vere eit friskt pust til å bli innadvent og navlebeskuande, litt slik "sjå kor mykje kult eg kan gjere berre ved hjelp av ein drone" for å seie det litt flåsete.

Dråm er ei plate det er verdt å låne øyrer til for dei av oss som har eit bankande hjarta for nordisk tradisjonsmusikk, og duoen skal berømmast for å ha plukka fram materialet slik at det blir holdt i live for ettertida. Men, dette er ikkje plata eg først ville ha skaffa meg hvis eg skulle ha meg ei ny folkemusikkplate. Til det blir det altfor monotont og kjedeleg etterkvart. Midt på treet er ikkje godt nok for denne typa musikk. Folkemusikk er avhengig av å "blow you away" kvar gong for at ein skal ha tålmod til å lytte, og det evner ikkje songane på Dråm å gjere.

Så dersom du er ein nybyrjar og vil kjøpe deg ei folkemusikkplate, så er ikkje denne plata plassen å byrje. Styr unna og kjøp noko meir allment først. Dersom du imidlertid er ein ringrev i denne genren vil du finne interessante ting her, men vil antakeleg også føle deg litt snytt for pengane du måtte betale for plata.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Beirut - Gulag Orkestar

(Ba Da Bing!)

19 år unge Zach Condon leder an marsjerende sigøynere i en hitparade av utbasunerende skrangleorkestre i majestetiske fanfarer.

Flere:

Sonny Simmons - The Traveller
Jaga Jazzist - One-Armed Bandit