cover

April

Sun Kil Moon

CD (2008) - Caldo Verde / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Folk

Spor:
Lost Verses
The Light
Lucky Man
Unlit Hallway
Heron Blue
Moorestown
Harper Road
Tonight the Sky
Like the River
Tonight in Bilba
Blue Orchids

Referanser:
Red House Painters
American Music Club
Neil Young
Richard Thompson
Nick Drake
Magnolia Electric Co.
South San Gabriel

Vis flere data

Se også:
Ghosts of the Great Highway - Sun Kil Moon (2004)
Ghosts of the Great Highway - Sun Kil Moon (2004)
Tiny Cities - Sun Kil Moon (2005)
Benji - Sun Kil Moon (2014)
Universal Themes - Sun Kil Moon (2015)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Stoisk uro

Sola sitt forhold til månen seier meg at Mark Kozelek vil endre på lite. April seier meg at han berre blir betre.

I mitt hovud har alltid det fargesterke namnet Red House Painters representert eit aldri så lite paradoks til gjennomgangstonen som vart skapt på dei seks platene bandet gav ut. Det var kanskje slik det var meint også? Uansett, det dovne og tålmodige vesenet som prega det aller meste av bandet sitt virke kunne nok meir passande vorte signert med til dømes Grey Song Painters. Og la meg då ile til å seie, før ein ivrig fan kastar seg over tastaturet, det er ikkje negativt meint, absolutt ikkje. For eg synest så absolutt mykje godt om den mismodige og nyansespartanske monotonien Mark Kozelek og vener malte med slik sakte armføring under Red House Painters-signaturen.

Drygt 15 år etter at han kom luskande Down Colorful Hill er det ikkje så mykje som har endra seg hos Mark Kozelek. Rett nok har han ikkje opererert under Red House Painters-signaturen etter at Old Ramon prøvde å finne dagslyset i 2001, men det han sidan den gong enten har gjort under eige namn eller signert med Sun Kil Moon er stifta på mykje av den same stoiske uroa han farga sine mollstemte spor med allereie på byrjinga av nittitalet.

I einkvar seriøs omtale av ei Kozelek-fronta plate er det store sjansar for at alle adjektiv som har ein eller annan synonymisk relasjon med ordet melankolsk vil dukke opp. Det er absolutt ingenting med April som gjer at det har sneke seg fram lumske planar hos underteikna om å rokke det minste med den tradisjonen.

Det er heller ingenting med April som gjer at eg endrar på mi oppfatning av Kozelek som ein det er verdt å låne øyre til. Snarare tvert om. Det er ein god del med April som peikar i retning av at mannen kanskje er meir verdt å låne øyre til enn nokon gong.

Eg nemnte over at lite har endra seg der Kozelek vandrar. Eg kan stå for det, men samstundes skyte inn at ei viss utvikling sjølvsagt har funne stad. Tydeligast manifesterte den seg nok då han byrja signere stoffet sitt med Sun Kil Moon. I mine øyrer var melodiøsiteten ikkje fullt så marginal lenger og variasjonen i materialet ein tanke større. Det kledde han så pass godt at Ghosts of the Great Highway ganske snart stod fram som hans beste album.

No sit eg altså her og lurer på om April er endå litt betre. Det tok nokre rundar før eg kom dit. For slik det alltid er med låtane til Kozelek, dei sprett ikkje opp i dagen med det første. Det er derimot mange av dei som gjer det etter ei stund, og då viser fram eit vemodig, vakkert og endåtil vanedannande vesen. I tilfellet April trur eg eg vil legge til varmt vesen. Ikkje det et fyren har vore kald tidlegare, men det er ein liten ekstra varme over April. Og slik varmen har for vane å gjere, den gjer godt.

I dei gode gamle dagar då musikken låg på store svarte plater ville April komme som eit dobbeltalbum. I våre dagar klarar dei som kjent å stappe 73 minuttar med musikk inn på ei plateside. I dette tilfellet 73 minuttar så godt som fri for middelmåtige parti.

Ein slett ikkje uvesentlig faktor for April sine avgjerande steg mot slik ypparlig klasse er dei subtilt plasserte og briljant utførte korist innslaga. Dei gjer så definitivt noko for dynamikken her. Ledug og akkurat passe lettsindig utført av Will Oldham i den countryslekta Unlit Hallway og den klassisk countryprega Like The River. I ein høgare og meir yndefull tone av Ben Gibbard (Death Cab For Cutie) på spor som The Light og Lost Verses. Sistnemnte låt si konkluderande linje er kanskje det aller flottaste av dei harmonistetta augeblikka; "on the bay flowing into the ocean glowing". Ein tredje som korar litt rundt omkring på albumet er den for meg noko meir ukjente Eric Pollard. Han gjer så absolutt jobben sin han også. Og sidan vi først er inne på dei medverkande. Anthony Koutsos spelar trommer slik han ofte har gjort for Kozelek, og Geoff Stanfield er bassist, som han var det på Ghost of the Great Highway.

Kozelek er amerikanar, og låtar som den sakte gyngande Moorestown og tidlegare nemnte Unlit Hallway og Like the River har alle eit distinkt americana strøk. I mange andre spor derimot har folktonen hans eit langt meir engelsk snitt over seg. Tydeligast til stades i den Richard Thompson-aktige The Light, den Nick Drake-jagande Lucky Man og den landlige og blått blomstrande visa Blue Orchids.

Kozelek nyttar seg mest av den akustiske gitaren, men den elektriske er definitivt til stades den også, og kastar små og store flammar over seansen. Dei mest harvande tonane dreg han fram i den sterkt Neil Young-slekta og ti minuttar lange Tonight the Sky. Både denne og dei fleste andre låtane blir på kjent Kozelek-maner bore fram av eit enkelt gjentakande gitartema. Eit tema han av og til bryt opp med å ta seg korte turar over i noko anna. Slik han gjer det i eit av albumet sine høgdepunkt, Tonight in Bilbao; I left Bilbao, went to Madrid, to Barcelona, to Pamplona, where every ghost unto me known haunted me. Fyren er på turne gjennom Europa, han likar å vere på reis, men samstundes blir han heimsøkt av vonde minner som har blitt med han over havet, og opplever eit djupt sakn til nokon som ikkje vart med. Når han så endeleg køyrer over brua og ser San Francisco att mot slutten, har låta fått eit anna melodisk og gitarsonisk mønster.

Kozelek har uttalt at hovudgrunnen til at det denne gongen tok såpass lang tid før han var klar med nytt eigeskrive materiell var at ei kvinne som stod han nær døydde i sluttfasen av arbeidet med Ghost of the Great Highway. Dette måtte han få litt på avstand før han kunne byrje lage songar att. Kozelek har aldri lagt skjul på at låtane hans ofte har ein veldig personleg karakter. Slik er det også på April. Ja kanskje spesielt på April. Minnet etter kvinna som døydde dukkar opp i fleire av songane. Nokre gonger, som i den dramatisk oppbygde Heron Blue og den umåtelig vakre Harper Road, spelar ho ei hovudrolle, andre gonger blir ho kanskje berre nemnt i ein setning.

"Sorrow came in floods this april" lyde det i Harper Road, og sjølv om det absolutt ikkje høyrest like sorgtungt ut heile April igjennom så er plata minst like tung på melankolske funderingar som noko anna frå Kozelek. Samstundes er den minst like tung på blomstrande tonar som noko anna frå mannen, og dei fleste andre menn og kvinner som har gitt ut, eller kjem til å gje ut, plater i 2008.

comments powered by Disqus

 



Uncle Joe
2008-05-31Hear Hear

Knall anmeldelse, knall plate, knall artist. En av de største fra 90-talls-generasjonen, om jeg må si det selv. Hvilken låtskriver Kozelek er!

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

JO JO !!! JA JA !!!...
16.08.17 - 14:09

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo