cover

The Big Black and the Blue

First Aid Kit

CD (2010) - Wichita / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folk / Folkpop / Country / Indiepop

Spor:
In The Morning
Hard Believer
Sailor Song
Waltz for Richard
Heavy Storm
Ghost Town
Josefin
A Window Opens
Winter Is All Over You
I Met Up With a King
Wills of the River

Referanser:
The Louvin Brothers
Kate & Anna McGarrigle
Linda Ronstadt
Nanci Griffith
Indigo Girls
The Roches
Fleet Foxes

Vis flere data

Se også:
Drunken Trees - First Aid Kit (2008)
The Lion's Roar - First Aid Kit (2012)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Gamle tonar, ung songkraft

Den gamle countryfolktonen har det riktig så bra hos First Aid Kit.

Dei er to, dei er frå Sverige, dei er søstrer, dei er unge. Johanna og Klara heiter dei, Söderberg til etternamn. Eit visst rykte har dei allereie skaffa seg. Både i heimlandet, vårt land, og på andre sida av Nordsjøen. Dei har vunne hjerter frå scena, på YouTube, og med ein EP. No er tida komme for debutalbumet. Dei sviktar ikkje. Grepet om den folkmelodiske tonen er godt. Kjærlig, vitalt og godt.

Det var ein låt av Bright Eyes som visstnok gjorde susen. For eit par-tre år sidan. Dei høyrde noko i den enkle songen som brått førte til at Britney Spears hadde utspelt si rolle. Frå Bright Eyes fylgde dei spora bakover i musikkhistoria. Til gamle folktonar og countrysongar. For så her på The Big Black & the Blue å ende opp vegg i vegg med søstrene McGarrigle, på det tidlege syttitalet. Tjue år før sin eigen fødsel. Det er heilt greitt det, det verkar verken prematurt, forsert eller malplassert det dei gjer. Det verkar som dei er heime.

Heile plata pustar i ei akustisk og spartansk sfære, og er kledd i ei konvensjonell og enkel drakt. Innafor denne, i utgangspunktet, ikkje altfor vidtrekkande strukturen, synest eg First Aid Kit skaper eit innhaldsrikt album. Eit veldig kongruent album også, men fylt opp med songar som ikkje druknar i ei likelydande mølje, men med ein eigen personligdom tydelig innrissa.

Albumets i særstilling fremste aktivum er jentenes stemmer. Dei syng åleine, og dei syng i harmonisk fellesskap. Dei kan halde att, dei kan trø til. Dei sår ynde og vitalitet i eit jordsmonn der vemodet har djupe røter.

Alle songane har dei to laga sjølve. Det dreier seg på ingen måte om utprega tenåringsangst, eller er dagboknotat frå ungjenters kvardag. Mykje tyder på at det ikkje er dei sjølve som er sentrum i songane i det heile. Folka i songane deira er nok ofte nokre erfaringar rikare enn kva ein tenåring vanlegvis har å vise til. Utan at dette momentet har ein slik overveldande karakter at ein tenker jentene berre etterliknar ein tradisjon, og ikkje har feste for stoffet i sitt eige hjerte. Slik er det slett ikkje. For når alt kjem til alt er det jo ganske så allment det dei har føre seg. Heile vegen, frå fødsel til grav.

Det handlar om kjærleiken. Eller meir presist, tilstandar der kjærleiken har forvandla seg til smerte og lengsel. "Don't leave this world to me" lyde den einsame bøna i det dunkelt jazzblå nummeret Winter Is All Over You. Det handlar om å vandre blant byrdefulle minner, i dirrande vakre Ghost Town; "If you got visions of the past, let them follow you down".

Det handlar om skjøre sinn, uskulda som svinn hen, og hardare realitetar som tar tak, i refrengstaselige Heavy Storm; "she used to play that old mandolin, then the moon and the sea invited her in". Det handlar om å tvile på himmelen, men å tru på livet, trass alt, i det melodisk vinnande høgdepunktet Hard Believer; "and it's one life, and it's this life, and it's beautiful".

Det handlar om songar som smyg seg inntil ein, og kanskje endåtil kan salve nokre ømme tankar iblant. Det handlar om to jenter som så vidt har byrja. Dei byrjar betre enn dei fleste.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #62: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 6

Det handler om gammelmodige heltefigurer i tegneseriene når vi vender blikket mot bladkiosken og det norske tegneseriemarkedet i nostalgiens syttitall.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

DRUMMER WANTED - NORGES TURN...
26.06.14 - 22:35

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo