cover

Decoration Day

Drive-By Truckers

CD (2003) - New West / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Alternativ / Sørstatsrock / Americana / Countryrock / Hardrock

Spor:
The Deeper In
Sinkhole
Hell No, I Ain't Happy
Marry Me
My Sweet Annette
Outfit
Heathens
Sounds Better in the Song
(Something's Got to) Give Pretty Soon
Your Daddy Hates Me
Careless
When the Pin Hits the Shell
Do It Yourself
Decoration Day
Loaded Gun in the Closet

Referanser:
Neil Young & Crazy Horse
Lynyrd Skynyrd
The Bottle Rockets
The Replacements
Son Volt

Vis flere data

Se også:
Southern Rock Opera - Drive-By Truckers (2001)
The Dirty South - Drive-By Truckers (2004)
A Blessing and a Curse - Drive-By Truckers (2006)
Brighter Than Creation's Dark - Drive-By Truckers (2008)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Rock'n'roll means well...

Sørstatsband med mykje på hjertet, som svingar seg frå country-tonar til brutal bluesrock.

Då Allman Brothers Band frå Georgia inntok podiet på tampen av 60-talet med sin mixtur av tung bluesrock, jazz, country og eit frodig, men stødig groove, blei dei også opphavet til det som seinare skulle få namnet sørstatsrock. Blant banda som fulgte i deira fotspor er det først og fremst Lynyrd Skynyrd som er verdt å hugse. Den dyktige sangaren og låtskrivaren Ronnie Van Zandt og banden hans spelte i ein fire-års periode midt på 70-talet inn fleire sterke album, der vi får servert klassiske låtar som Free Bird, Gimme Three Steps og Sweet Home Alabama. Og her er det Alabama/Georgia kvintetten Drive-By Truckers kjem inn i bildet. Denne gjengens forrige utgjeving kalt Southern Rock Opera var nemlig ein tributt til sørstatsrocken, og især Lynyrd Skynyrd. Ein både storslått og rufsete song-syklus som sjølvsagt endar i ein tragisk flystyrt.

Southern Rock Opera blei første gang utgitt i 2001 på eit lite, uavhengig selskap, men oppmerksomheten albumet fekk gjorde sitt til at Universal-underbruket Lost Highway viste sin interesse, noko som førte til at plata kom ut på denne etiketten året etter. Men når så Drive-By Truckers dukka opp på Lost Highway sine kontorer med sine neste innspelingar, falt desse ikkje heilt i smak. Bandet tok då ein "Wilco" og kjøpte opptakene. New West (med bl.a. Chuck Prophet, Mark Eitzel og Vic Chestnut i stallen) tok imot bandet, og var ikkje seine om å skikka Decoration Day ut til folket.

Myten om sørstatane er spekka med intense bilder og heftig dualisme. Heit lidenskap, stor kjærleik, elskelige skikkelsar, strenge familiebånd, kompromisslaus bibeltru, stolthet, synd, incest, sjølvmord, drap, hat, rasisme, vondskap. Kjensler og førestellingar som sjølvsagt er å finne over alt, men historiane, litteraturen, filmane og sangane frå Mississippi sine sørlige bredder gjev oss eit inntrykk av at det har eit endå sterkare fotfeste nett der. Dei 15 låtane på Decoration Day er nok også farga av dette, ein raud tråd kan for øvrig være; valgets kval, - nokon velger lurt, andre velger dumt, mens enkelte ikkje har noko valg. Alt er komponert av bandets tre gitartraktørar og vokalistar. Av desse er det Patterson Hood som står fram som ein slags frontfigur, han er ansvarleg for ni av låtane, og er også innehavar av den røslegaste stemma, ein stad i lende Don Henley møter ein ung Rod Stewart. Mannen som starta bandet saman med Hood, Mike Cooley, bidrar med fire spor, og nykommar Jason Isbell står som komponist av to.

Albumet åpnar med tre strake Hood-bravader. Deeper In bygger på ein sann historie om dei to einaste amerikanske statsborgarane som for tida sonar ein dom for bror/søster-incest. Ein naken saktegåande country-vals, bore fram av kraftfulle trommeslag og Patterson Hood sin djupfølte sanginnsats. Frå denne går turen rett over i den mørke bluesrock-saken Sink Hole, ein slik ein som Steve Earle kan gjere i sine mest brutale stunder: Om bonden som er komme i klørne på nådelause pengemenn og ser garden sin gå til pises. På Hell No, I Ain't Happy er dei over i eit ulendt Crazy Horse-landskap, ja hadde mr. Hood overlatt mikrofonen til Neil Young kunne denne sklidd rett inn på Ragged Glory som ein solid Young-komposisjon. Av dei øvrige opusa frå Hood si side utmerkar både den hardkokte countryrock-affæren Heathens og det seige og giftige bluesrock-åtaket Your Daddy Hates Me seg. Men aller best er den frådande Do It Yourself, eit skånsellaust angrep på ein venn som tilslutt valgte sjølvmord som ei løysing; "Living too hard just couldn't kill you, in the end you had to do it yourself". Faktisk har Mike Cooley også ein sang om den samme sjølvmordaren, When the Pin Hits the Shell. Men hans versjon er langt mindre frådande og meir forsonlig, like fullt er denne nesten like sterk. Og er saman med den Rolling Stoneske riffrockaren Marry Me Cooley sine beste bidrag. Den sistnevnte er for øvrig utstyrt med platas beste tekstlinje; "Rock'n'roll means well, but it can't help telling young boys lies".

Litt oppsiktsvekkande er imidlertid det faktum at unge Jason Isbell sine to bidrag, Outfit samt tittelsporet, viser seg å være albumets kanskje sterkaste låtar. Den første er sørstatsrock i kraftfull valsetakt, som tekstmessig er ein dose faderlige og sikkert velmeinte råd; "Have fun but stay clear of the needle, call home on your sister's birthday, don't tell them you're bigger than Jesus, don't give it away". Mens tittelsporet på sin side er eit dundrande og inspirert folkrocknummer, med glødande gitartonar, om ein familiefeide ute av kontroll.

David Barbe (Sugar, Son Volt) har produsert, og kanskje har Drive-By Truckers vel så mykje til felles med nyare band som The Replacements, Son Volt og The Bottle Rockets som med 70-talets sørstatsrock-grunnleggarar. Eit inderlig og drivande godt fem-mannslag med gode historiar innpakka i sterke melodiar er dei i alle fall.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo