cover

Way Out Weather

Steve Gunn

CD (2014) - Paradise of Bachelors

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Psykedelia / Krautrock

Spor:
Way Out Weather
Wildwood
Milly's Garden
Shadow Bros
Fiction
Drifter
Atmosphere
Tommy's Congo

Referanser:
War on Drugs
Michael Chapman
John Fahey
The Grateful Dead
William Tyler
Jack Rose
Kurt Vile
Kurt Vile & The Violators

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Gitaren, songen og groovet

Gitartonar hypnotiserar, songar ekspanderar, og fryden ulmar i brystet.

Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. "Slowly moves the melody". Det er Steve Gunn som syng det sjølv. I tittellåta. På denne plata. Kanskje for å seie noko om songane sine? Eg synst i alle fall han gjer det. I dobbel tyding.

Men "Way out weather is a common song" er den aller første linja han syng. Kva han vil seie om været med eit slikt utsegn skal ikkje eg gjere meg til dommar over. Kanskje er det ein flyktig kommentar til våre tiders ekstremvær? Kanskje føler han det berre ganske enkelt tryggast å snakke litt om været først? Slik jo folk ofte gjer når dei møtest. Eller kanskje han kjenner på ein trong til å fortelje at plata, Way Out Weather, er den der vanlige greia. Eg kjøper alle tre forklaringane eg, og synst at han også med denne linja seier noko om songane sine. Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

Eg har ikkje eit sterkt behov for å setja Steve Gunn i nokon bås, men det må vel kunne forsvarast å plassere dei åtte songane på Way Out Weather i eit folkrock-segment. Eit grunnleggande trekk i låtane er Gunn sin særeigne sirkulerande gitarstil. Blir ein råka av den, denne stilen, denne gitartonen, veks det fram ein indre fryd, og ein står i fare for å bli alvorlig fanga. Fanga av ei utvungen suggestiv kraft, som ein vil tilbake til, igjen og igjen, og oppdage nye variantar av, igjen og igjen. Det er i alle fall dette som har skjedd med meg.

Det store er at det finst ein del å forsyne seg av. I åtte år har Steve Gunn spelt inn plater, men han har ikkje nøydd seg med ei om året. Sist eg talde opp kom eg til femten album (inkludert Way Out Weather). Cirka halvparten er rett nok samarbeidsplater, eller meir presist duoplater, men i imponerande liten grad parentesar. Han har gjort ei plate saman med M.C. Taylor frå Hiss Golden Messenger. Dei to kalla seg då Golden Gunn, og sentrerte opplegget sitt rundt ein felles fascinasjon for J.J. Cale (men med visse avstikkarar). I lag med den jazzmelodiske trommisen John Truscinski har Gunn spelt inn to plater, begge fullt ut instrumentale i si form. Særlig den siste, Ocean Parkway (2012), er av det sterkt rammande slaget. Ei groovy hypnotisk ferd inn i eit virvlande landskap av folk, blues og jazz. Det førebels siste samarbeidsprosjektet hans kom ut på plate tidlegare i år, og er ei innspeling gjort i Lisboa saman med den gamle engelske frikfolk-fyren Mike Cooper. Vel verdt litt merksemd den plata også.

Personlig skal eg ikkje skryte på meg ei lang fartstid blant Steve Gunn sine tonar. Den byrja vel strengt tatt for mindre enn eit halvår sidan. Eg hadde registrert nokre omtalar av fyren, og at han der blei omtalt på måtar som kalla på ei interesse. Omsider manifesterte interessa seg i at eg byrja lytte på ei plate. Verkelig lytte. Noko som i grunn ikkje var hardt arbeid, sant å seie kom det heilt av seg sjølv. Så nokre rundar inn i 2013 utgjevinga Time Off var det gjort, eg var hekta. Eldre plater blei oppsøkt. Andre plater. Ulike plater. Som alle hadde det til felles at dei hadde denne gitartonen som heile tida drog meg til seg. Eg opplevde likevel at Time Off representerte eit lite sprang i hans karriere. Eit sprang inn i noko ein vel kan kalle meir konvensjonelt. Frå eit tilvære med ein viss eksperimentell karakter over i eit meir singer/songwriter-segment. Med dei farar for å forsvinne inn i den store hop som fylgjer av slikt. Det gjer, som de nok skjønar, ikkje Gunn. Han legg ikkje frå seg den han har vore tidlegare, den delen er der i Time Off også. Men i tillegg denne andre dimensjonen, ein meir sjølvsikker songar og hans medrivande låtar. Time Off er ei fengslande plate.

Way Out Weather er endå betre. Frå tittellåta klunkar i gang, og samlar seg om framdrift etter dryge halvminuttet, til Tommy's Congo groovar ut er det ei attråverdig stund. Ei eg kjenner meg djupt tilstades i gjennom samfulle åtte låtar, gjennom samfulle 43 minuttar og 26 sekund. Det er ikkje akkurat flust av plater eg ville ha sagt noko slikt om.

Way Out Weather går vidare i spora frå Time Off, men Steve Gunn har samla fleire folk rundt seg. Så for første gong presenterer mannen ei plate med eit bandsound. Tru imidlertid ikkje av den grunn at gitaren hans er mindre sentral. Tru meg heller når eg seier at kvar spelte tone blir gitt plass, får godt med luft rundt seg. For dette er ei slik plate, ei der dei spelte tonane fører samtalar med kvarandre, aldri pratar i munnen på kvarandre. Den har eit varmt vesen.

Men alt er slett ikkje idyll. Tar eg turen inn under overflata, noko eg sjølvsagt ikkje kan la vere å gjere, låtane formelig ber meg jo om det, høyrer eg mørklette funderingar. Eller for å seie det litt meir nyansert og korrekt så høyrer eg også mørklette funderingar. Blant funderingar av det lettare slaget, dagdraumar og nattlege draumar, flytande mystikk og surrealistiske vendingar, dukkar også det mørklette fram. Ta no til dømes Milly's Garden. Ei melodisk høgtidsstund av ei låt. Lettbeint, groovy og full av fargar. Den har ein fryd i seg, men meir enn det er den gåtefull. Og når refrenget blomstrar ut i noko Stones-aktig høyrer eg songaren snerre: "Your faith is savage, And your mind is damaged, You're more than halfway there". Halvvegs til kor hen? Det er ein song med ei reise i seg, ei viktig reise, men inga enkel reise.

Ei anna slags reise kjem til uttrykk i Drifter. Den framoverlena og rockruskande låta Drifter, med eit og anna spor av Steve Gunn sin gode venn Kurt Vile. Ein fyr Gunn tidlegare har spelt i hop med, som medlem av backingbandet The Violators (Gunn turnerer forresten i desse dagar med ein annan Vile-venn Adam Granduciel, og hans band The War On Drugs). Men altså Drifter, om dagsrivarens dans mellom håpet og det gravlagde liv, der den essensielle linja vel er denne: "Shaking along while this world is gone, hanging out once again".

Way Out Weather har eit meditativt lynne. Med låtar som vel kan seiast å operere i overeinsstemming med kvarandre. Dei er likevel til dels ganske så forskjellige. Midtvegs kan vi lene oss mot ein lausleg vals kalla Shadow Bros, med banjo, mandolin og harpe i framskotne posisjonar, og ei tilårskome countrykjensle i kantane. Atmosphere er på si side omlag det tittelen legg opp til, sfæriske klunk i eit dvelande tempo og lite med groove. Det siste er til gjengjeld avslutningssporet Tommy's Congo godt forsynt med. Eit fantastisk vestafrika-inspirert gitartema går tvers igjennom låta. Synthtonar krengar og vrinskar og groovet har eit definitivt krautpreg. Songaren sitt snerr i slutten av kvart vers slektar på Dylan sitt snerr i klassikaren It's All Right Ma I'm Only Bleeding. Medan refrenget er psykedelia à la 1967, og sjølvsagt totalt uimotståelig: "Never look down on what you need to do".

Way Out Weather: Godt jorda men like fullt nesten ei spirituell oppleving.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

JO JO !!! JA JA !!!...
16.08.17 - 14:09

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo